Fast 30 % stilling som sjukepleiar

  • Rosendal, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 15 timer siden
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. 30% sjukepleiar ved Halsnøy helsesenterHalsnøy helsesenter har 30% ledig faststilling som sjukepleiar frå 01.05.2026. Halsnøy helsesenter er kommunalt legesenter som per i dag består av 4 fastlegeheimlar med til saman eit listetak på 3 200 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande.Arbeidsoppgåver på helsesenteret
  • Handtere førespurnader frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp. Kunne rettleia og gi råd til pasientar. Vidare prioritera og setja i verk behandlingsnivå
  • Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
  • Laboratoriearbeid
  • Behandle kroniske og akutte tilstandar på skadestove
  • Hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
  • Administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent sjukepleiar med autorisasjon
  • Vi ønsker personar som har erfaring frå tilsvarande arbeid, men nødvendig opplæring vil bli gitt. Det vil vera ein stor fordel om søkjar har erfaring i bruk av InfoDoc som journalsystem
  • Må kunna handtera akutt-situasjonar og inneha høg arbeidskapasitet. Ha interesse for å jobba med akutt sjuke pasientar
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan sårbehandling
  • IKT- kunnskapar
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg
Ønskte personlege eigenskaparVi ønsker kreative og engasjerte tilsette med eit positivt og inkluderande menneskesyn.Personleg eigenskapar for stillinga som: sjølvstende og tryggleik i rolla som sjukepleiar, men samtidig ha evne til å jobba i tverrfaglege team.Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.Søknadsfristen 30.04.2026Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • IA-avtale og bedriftshelsetenester
  • Sterkt fagmiljø, internundervisning og rettleiing
  • Offentleg pensjonsordning
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
  • Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
  • Trygt og godt oppvekstmiljø
  • Natur i verdsklasse - fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra
TilsetjingTilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.OffentligheitOpplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenIrina Zimina+47 488 94 055Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånetSektorOffentlig

NAV