3 x 100 % faste stillingar som reinhaldar

ARDAL KOMMUNE KOMMUNALTEKNISKE TENESTER

  • Årdalstangen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Vil du vere med og skape trivelege og reine kommunale bygg?Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!Årdal kommune søkjer no positive, pålitelege og fleksible reinhaldarar til tre faste heiltidsstillingar i reinhaldsavdelinga vår.Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg - og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.ArbeidsoppgåverReinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon.Du vil:
  • utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar
  • bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene
  • arbeida både sjølvstendig og saman med andre
Kvalifikasjonskrav
  • Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
  • Førarkort klasse B er påkrevd
Personlege eigenskaparMe legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som:
  • er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst
  • kan arbeida strukturert og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar»
Me tilbyr
  • Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon
  • Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar)
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenWenche Tryti Breivik+47 90048959Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !SektorOffentlig

ARDAL KOMMUNE KOMMUNALTEKNISKE TENESTER