Sjukepleiar

Helse Møre og Romsdal

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 12 dager siden
Om stillingaVi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 20.05.24. Vi søkjer deg som er ein påliteleg, positiv, engasjert og arbeidsom kollega!Kirurgen B omfattar ulike typer fagområde; Ortopedi, Urologi, ØNH og Auge. Sidan seksjonen omfattar ulike fagområde, vil du som sjukepleiar mest sannsynleg oppleve at det er som ein lærerik seksjon, men også at det vil ta litt tid før ein blir utlært.Vi på kirurgen B er ein inkluderande gjeng med engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar. I tillegg til sjukepleiar-staben har vi også eit særskilt godt samarbeid med legane i avdelinga. Fag og kvalitet er nøkkelord, og dette er verdiar vi tilstrebar å jobbe etter i ein hektisk kvardag. Samstundes er eit godt arbeidsmiljø og ei positiv innstilling viktig for trivsel på jobb.Dersom du tenkjer at du har noko å bidra med og ønskjer deg ein spanande arbeidsplass med flinke og engasjerte kollega, søk på stillinga!Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.Vi ber om at relevante attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingsprosentar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:29.04.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:MoldeStillingstittel:SjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4798607561Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Arbeide i tverrfagleg team, både med forskjellige legegrupper, fysioterapeutar, ernæringsfysiolog, farmasøyt og palliativt team
  • Sørgje for iverksetting og utføring av tiltak knytt til kvar enkelt pasient
  • Når det gjeld turnus er det behov for sjukepleiar som kan jobbe tre-delt turnus, men søk sjølv om du ikkje kan gå natt
  • Når det gjeld arbeidshelg er det mogelegheit for langvakter kvar 4. helg, men dette er heilt frivillig
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar ved tiltredelse
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg svært godt
  • Det er ein fordel om du kan beherske fleire språk
  • Erfaring og kompetanse vert vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Vi ser etter deg som har ei interesse for ortopedi og urologi, då dei fleste av pasientane våre er innan desse fagområda
  • Du må vere imøtekomande og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må vere påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegane dine
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Adresse: Parkveien 84, 6412 Molde, NorgeKontaktinformasjonCharlotte Råmkes71121851E-post: charlotte.ramkes@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal