Assistentar i faste helgestillingar, dag/aften og natt
Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
- Bergen, Vestland
- Fast
- Fulltid
Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. Seksjon S6 er ein av dei to døgnseksjonane med ni ordinære døgnplassar og tre psykiatriske intensivplassar.Vi arbeider for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt her hos oss, og i tillegg til å arbeide relasjonelt er vi stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling til våre pasientar.Vi har eit godt, triveleg og kompetent arbeidsmiljø på S6, og søker etter assistentar til 3 faste helgestillingar 14-20% med arbeid kvar tredje helg.Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:24.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Studerer du medisin, sjukepleie, vernepleie eller psykologi og ønsker ei givande helgestilling?Stillingar:3Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:20Webcruiter-ID:5110597409Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og pasientadministrativt arbeid
- Oppfølging og evaluering av miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir også vurderte
- Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
- Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa
- Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke er ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Er moden, tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
- Har evne til å handtere ulike følgelsesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt
- Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er opptatt av kvalitet og liker varierte utfordringar
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar
- Ein spennande og utfordrande jobb som gjev personleg utvikling
- Eit godt, triveleg , engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagutvikling og opplæring i MAP
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.