Osterøytunet søker tilkallingsvikarer til avdeling for personer med demens

Osterøy kommune

  • Osterøy, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 13 dager siden
Osterøytunet søker tilkallingsvikarer til avdeling for personer med demensEr du assistent, helsefagarbeider eller sykepleier og er engasjert i eldreomsorg?Om stillingaOsterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar og totalt sju grupper. Kvar gruppe har 9-10 pasientar. Vi har eige kjøkken og eigen lege. Vi tar inn tilkallingsvikarer etter behov.Kven søkjer vi etter?Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, tar ansvar, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!Vi tilbyr degArbeidsoppgåverHeilskapeleg omsorg og pleieBistand og rettleiing ut frå pasienten sine behovMålretta miljøarbeid.Kvalifikasjonar
  • Ufaglærte, eller relevant fagutdanning
  • Personleg eigenskapar og relevant erfaring vert vektlagt
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.Om ossOsterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.

Osterøy kommune

Lignende stillinger

  • Tillkallingsvikar - Heimetenesta

    Osterøy kommune

    • Osterøy, Vestland
    Tillkallingsvikar - Heimetenesta Om stillinga Her kan du søka dersom du ønsker å vera tilkallingsvikar i ein av dei 3 einingane til Heimetenesta: Heimetenesta - yter tenester …
    • 2 måneder siden
  • Tilkallingsvikar til nattenesta

    Osterøy kommune

    • Osterøy, Vestland
    Tilkallingsvikar til nattenesta Me søkjer tilkallingsvikar til nattenesta ved Osterøytunet Om stillinga Osterøytunet sine nattevakter fordeler seg med arbeid på alle avdelin…
    • 13 dager siden