50 % avtaleheimel i psykiatri
HELSE VEST RHF
- Stavanger, Rogaland
- Fast
- Deltid
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- personlege eigenskapar
- innretning av praksis
- samarbeid med andreArbeidsoppgåver Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Praksisen skal ha likelydande samarbeidsavtale med Helse Bergen, som senior.Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialistane mottar pasientar frå helseføretaket.Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokale, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen. Heimelen er i dag plassert i driftstilskotsklasse 1.Spørsmål om praksisen kan rettast til Sivi E. H. Rosendahl, tlf.: 90 86 55 65.
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.Vilkår og rammer Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.Kontaktinformasjon Torleiv Bergland, Rådgivar, 415 33 822Arbeidsstad Knud Holms gate 8
4005 STAVANGERNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 5006321387
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 11.09.2025Kontaktperson for stillingenTorleiv BerglandRådgivar415 33 822Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.SektorOffentlig