Det er ledig 100 % stilling som barnehagelærar, for tida i Bismo barnehage. Stillinga er ledig frå 15. september 2025. Stillinga kan bli tillagt ansvar som pedagogisk leiar.Som barnehagelærar i Skjåk vil du vere med på å forme ein nyskapande og spennande framtidig barnehage i Skjåk.Det er spennande tider i barnehagane i Skjåk. Bygginga av ny barnehage i Bismo startar hausten 2025, og midlertidig barnehage skal driftast på Skjåkheimen i byggeperioden. Hausten 2026 er målet at barnehageavdelingane Holemork og Bismo saman skal flytte inn i nye lokale med fem avdelingar. Barnehageåret 2025/2026 vil det bli jobba mykje med kva som skal kjenneteikne pedagogikken og drifta i den nye barnehagen.Arbeidsområdet vil omfatteRettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidetArbeid med spesialpedagogiske oppgåverDelegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at barnehagen sine mål blir nåddUtarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med tilsette og styrarLegge til rette for godt samarbeid med føresetteDele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagenHalde seg fagleg oppdatertKvalifikasjonarDet er ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaringGodkjent barnehagelærarutdanningGodkjent politiattestVi ynskjer at duHar gode samhandlingsevnerEr raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardagEr fleksibel i høve til omstillingarEr ein person med evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i teamEr ein person med interesse for fag og fagutviklingHar god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråkHar grunnleggjande kjennskap til bruk av IKTSkjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje. Vi tilbyrTilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtalePensjonsordning i KLPSpørsmål om stillinga kan rettast til styrar Heidi Jevnheim, telefon 901 93 957 Søknadsfrist 8. september 2025Elektronisk søknadsskjemaSøkjarlista vil bli offentleggjortKommunedirektørenKontaktperson for stillingenHeidi JevnheimStyrar901 93 957Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSkjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.SektorOffentligNettsted