Lærar i fellesfag

Vestland fylkeskommune

  • Norge
  • Fast
  • Fulltid
  • 11 timer siden
Om stillingaSkulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 275 elevar og 55 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.Skulen søkjer etter lærar med undervisningskompetanse i vidaregåande skule i fleire fellesfag, gjerne master med engelsk og matematikk i fagkretsen. Stillingen er på 100% og fast.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Lærar i fellesfagStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5012322858Sosial deling :ArbeidsoppgåverUndervisning i fellesfag på studiespesialiserande og yrkesfag.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Oppgåver som kontaktlærar, undervisning i tilrettelagte grupper og for minoritesspråklege kan vere aktueltKvalifikasjonarFormell fagleg og pedagogisk utdanning som kvalifiserer for undervisning i vidaregåande skule.
Ønskjeleg med undervisningserfaring.
Erfaring med bruk av IKT som arbeidsverktøy.Personlege eigenskaparEngasjert i faga dine og motivert til å undervisa ungdomar.
Tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode elevrelasjonar og godt klassemiljø.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Du har gode digitale ferdigheiter
Du har gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter.Vi tilbyrEin moderne skule med eit aktivt og godt arbeidsmiljø.Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjortAdresse: NorgeKontaktinformasjonGeir VelandrektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Lærar i fellesfag

    ODDA VIDAREGAANDE SKULE

    • Odda, Vestland
    Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivite…
    • 16 timer siden
  • Lærar - vikariat

    • Høyanger, Vestland
    Høyanger skule har ledig 100 % stilling som lærar i tidsrommet frå snarast t.o.m. 06.02.26 - vikariat. Krav til søkjarar: - Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, me…
    • 2 dager siden
  • Lærarar - inntil 200 % vikariat

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Åmot skule treng fleire dyktige lærarar! Er du ein engasjert og autoritativ lærar håpar me at du søkjer deg til oss! Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1…
    • 2 dager siden