Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år

Ørsta kommune

  • Ørsta, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 26 dager siden
Om stillingaVi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb. Tenesteområde Omsorg og sjukeheim har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord, i tillegg til bufellesskapa ved Vartdal og Hjørundfjord.Å jobbe som trivselsmedarbeider kan føre til at du kan få meir jobb hjå oss etterkvart.Skriv litt om deg sjølv, når du kan jobbe og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgivar:Ørsta kommuneStad:ØrstaStillingstittel:Ferievikar trivselsmedarbeidar Omsorg og sjukeheimStillingar:10Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:0Webcruiter-ID:4788342070Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Dekke bord og førebu måltida
  • Hjelpe til å servere ved måltida - rydde opp etter måltida.
  • Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
  • Delta på ulike aktivitetar sama med bebuarar og tilsette slik at vi kan gi ein aktiv og meiningsfylt kvardag
  • Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på senger og enkle reinhaldsoppgåver
Som trivselsmedarbeidar skal du ikkje delta i oppgåver som stell, toalettbesøk og matingDet er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus der det er høve til å arbeide dag/kveld og helg.KvalifikasjonarTil desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (ein kan søkje same året som ein fyller 15 år)Personlege eigenskaparVåre ferievikarar må:
  • Ta ansvar
  • Møte presis
  • Ha gode samarbeidevner og gode haldningar
  • Vere god til å kommunisere med andre
  • Trivast saman med eldre
  • Vere engasjert , ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Ørsta kommune sine verdiar; TILLIT - ENERGI - LØYSINGSVILJE - UTVIKLING.Vi tilbyrSom fereivikar hjå oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye mennesker og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.Løn etter tariffKontaktinformasjonSara Vartdal VinjevollAvd.leiar Vartdal helsetunE-post: sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noNina MåseidvågAvd.leiar HjørundfjordheimenE-post: nina.maseidvag@orsta.kommune.noIngrid MorkAvd.leiar SolkrokenE-post: ingrid.mork@orsta.kommune.noLisa Korsfur SilsethAvd.leiar VallastovaE-post: lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.noWenche FloTenesteleiar Omsorg og sjukeheimE-post: wenche.flo@orsta.kommune.noOm arbeidsgivarenØrsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåverUtvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Ørsta kommune

Lignende stillinger

  • Ferievikar sjukeheim

    Ørsta kommune

    • Ørsta, Møre og Romsdal
    Om stillinga I tidsrommet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som ynskjer å arb…
    • 26 dager siden
  • Ferievikar sjukeheim

    Ørsta kommune

    • Ørsta, Møre og Romsdal
    I tidsrommet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som ynskjer å arbeide i pleie ve…
    • 10 dager siden
  • Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år

    Ørsta kommune

    • Ørsta, Møre og Romsdal
    Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år Omsorg og sjukeheim Om stillinga Vi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år og har lyst på ein meiningsfull sommar…
    • 11 dager siden