Pedagogisk leiar i Yksnebjør Barnehage

Fjaler kommune

  • Dale, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 12 dager siden
Er du ein barnehagelærar som set pris på gode relasjonar og ein variert kvardag?Pedagogisk leiar i Yksnebjør BarnehageYksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 15. august 2024.Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø og vil få vere med å bidra til ein kjekk og variert kvardag, med ansvar og leik. Yksenbjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette og som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Yksnebjør barnehage.ArbeidsoppgåverSom pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.Kvalifikasjonar
  • Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest
Om deg
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Gode kommuniasjons- og samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Givande leik med flotte barn kvar dag
  • Ein variert og kjekk kvardag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.Søk herDel på:Fylke:
  • Vestland
Jobbtype:FastHeiltid/Deltid:HeiltidArbeidstid:DagSøknadsfrist:08.05.2024Tiltreding:15.08.2024Arbeidsstad:Dale i SunnfjordKontaktpersonar:Turid Straumetlf:Heimeside:Adresse:Yksnebjørvegen 19-21 6963 Dale i SunnfjordKart:Fjaler kommune Yksnebjør barnehageYksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular.
Barnehagen har 53 barn og 17 tilsette fordelt på 4 - 5 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen.
BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre.
Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Fjaler kommune