
Lege i spesialisering
- Volda, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
"For ei utruleg spennande tid det er å jobbe som lege no! Vi snakkar om den største teknologiendringa sidan elektrisiteten, og radiologar er dei første som får ta det i bruk i helsevesenet. KI vil ikkje erstatte radiologar, men radiologar som brukar KI vil erstatte radiologar som ikkje gjer det!"Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss vil du få erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab. Vi har 8 LIS-stillingar og 12 overlegestillingar. Frå 2025 vil overlegestillingane utelukkande vere besette av eigne, faste tilsette. Overlegane våre utgjer ei inkluderande og fagleg engasjert gruppe som bidreg til gode spesialiseringsløp for våre LIS. Fleire av legane har doktorgrad, så tilhøva ligg til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette. Vi har allereie tre LIS som startar hos oss i 2025. Vil du vere med i gjengen? Bli kjent med radiologisk avdelingKan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk!
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men om du ikkje har høve før vår 2026 vil vi likevel at du legg inn ein søknad. Oppstartsdato etter avtale med seksjonsleiar. Intervju av søkjarar vert gjort fortløpande.Ålesund:
Ålesundsregionen er eit eldorado av fjell og sjø og byr på varierte naturopplevingar i fritida. Byen har òg eit rikt kulturliv. Flyplassen ligg sentralt, om lag 25 minutt frå sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, både innanlands og utanlands. Fleire kommunar i pendlaravstand frå sjukehuset vil kome inn under den nye ordninga for sletting av studiegjeld - mellom anna Vestnes, Haram og Stranda.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.07.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:VoldaStillingstittel:Lege i spesialisering- Radiologi Ålesund og VoldaStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4992335538Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Du inngår i ei 8-delt vaktordning med tilstadeverande teneste 24/7 og overlege som bakvakt med heimevakt om natta.
- På dagtid roterer du mellom ulike fagområde som CT/MR, ultralyd og gjennomlysning, samt fagdager.
- Fast internundervisning kvar veke, i samarbeid med radiologisk avdeling i Volda.
- Ved oppstart får du tildelt rettleiar og ein tilpassa opplæringsplan for dei første to månadene før sjølvstendige vakter.
- Gruppe 1-teneste kan gjennomførast ved St. Olavs hospital, Oslo universitetssjukehus eller andre universitetssjukehus.
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Godkjend del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med teamarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar som passar til stillinga vil bli vektlagt ved tilsetjing
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår