Helsefagarbeidar i natt-tenesta
KVAM HERAD PLEIE- OG OMSORG FELLES ADMINISTRASJON
- Norheimsund, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- 70 % stilling ledig frå 01.10.2025
- 80 % stilling ledig fra snarast
- Helgestillingar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Andre med relevant erfaring frå pleie og omsorgstenester kan også søkja
- Du må ha sertfikat klasse B
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og løysingsorientert helsefagarbeidar
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst til å utvikla deg fagleg
- Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
5600 NORHEIMSUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5012343565
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktperson for stillingenIoana HaugeGruppeleiar Natt-tenesta i Kvam+47 481 45 217Kopier telefonnummerOm bedriftenPleie og omsorgstenesta i Kvam er i endring. Utviklingsprosjektet "Eit godt liv der me bur" har som mål skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Pleie og omsorgstenesta har gjennomført ei større omorganisering ,og tenesta vart frå 30.03.20 organisert i tre avdelingar: Tenester til menneske med utviklingshemming, heildøgnstenester og tenester til heimebuande.
Målet er å styrka kapasitet og kompetanse i heimesjukepleien, slik at det å bu i eigen heim er eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa.SektorOffentligNettsted