Overlege Alderspsykiatri
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år
- Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans
- Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer alderspsykiatri tenleg
- Diagnostisk vurdering og utgreiing i tverrfaglege team, i nær samhandling med kommunehelsetenesta
- Sjølvstendig behandleransvar for pasientar
- Undervisning og rettleiing til pasient, pårørande og primærhelsetenesta
- Internundervisning og kvalitetsarbeid
- Rettleiing til legar i spesialisering
- Deltaking i seksjonsutvikling, i det å utvikle ein framtidsretta alderspykiatri
- Inngår i avdelinga si vaktordning
- Både ambulant poliklinisk -og stasjonært arbeid
- Bistå andre seksjonar ved behov
- Offentleg godkjend lege med spesialisering fortrinnsvis innan psykiatri/alderspsykiatri
- Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
- LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
- Erfaring frå alderspsykiatri er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Du har god språkleg framstillingsevne
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både med pasientar, pårørande og kollegaer, samt med andre fagmiljø
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med reiseverksemd
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4981484545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025Kontaktperson for stillingenPamela Riise LoeSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted