Helsesekretær/sekretær

Helse Møre og Romsdal Se alle jobber

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 6 dager siden
Vi har ved seksjon Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund ledig eit vikariat på 80-100% stilling frå snarast.Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yt helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. Tilsette i seksjonen er sett saman av spesialsjukepleiarar, klinisk sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.Vi ønskjer deg velkomen som søker til ein meningsfylt arbeidsdag!Arbeidsoppgåver
  • Administrere ventelister
  • Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, henvisningar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid/Callback
  • Registrering i vårt datasystem Helseplattformen
  • Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken
  • IKAP prosedyrar
  • Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv
  • Kontroll på styringsinformasjon
Kvalifikasjonar
  • Erfaring som helsesekretær er ønskjeleg
  • Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar
  • Du har gode datakunnskapar
  • Erfaring med Helseplattformen
  • Du viser gode framstillingsevner i norsk, - både munnleg og skriftleg er nødvendig
Personlege eigenskapar
  • Du har god serviceinnstilling til kollegaer, pasientar og pårørande
  • Du er fleksibel og håndterer variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver
  • Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver
  • Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting.Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir omKontaktinformasjon Ingvill Hareide, Seksjonsleiar,Arbeidsstad Åsehaugen 5
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5110495037
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 24.04.2026Kontaktperson for stillingenIngvill HareideSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted

Helse Møre og Romsdal