Assisten/fagarbeidar Kvernhushaugen barnehage

KVERNHUSHAUGEN BARNEHAGE

  • Sogndal, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Er du ein engasjert, kreativ fagarbeidar som brenn for å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barn? Då er dette sjansen din!Kvernhushaugen barnehage ligg idyllisk til på Kaupanger i Sogndal kommune, med skogen og turområde, som nærmaste nabo.Barnehagen har fantastiske fasilitetar frå Kaupanger Idrettslag sin idrettspark, rett utanfor døra. Her kan barna boltre seg på fotballbana, sykkelbane, frisbee golf og i Kaupangerhallen.Kvernhushaugen barnehage er ein liten, men dynamisk barnehage med 30 barn fordelt på to avdelingar. Me er 10 dyktige og engasjerte tilsette i eit godt fagleg miljø med høg kompetanse og god aldersmiks.Me er ein aktiv og samansveisa gjeng som likar å være ute i all slags ver. Med kort veg til lavvoen vår, legg vi til rette for spennande opplevingar i naturen - perfekt for både små og store eventyrarar.Ledig stilling: 100 % vikariat som assistent/fagarbeidar i perioden frå snarast - 11.08.2027.Dette blir jobben din:
  • Sikre eit inspirerande, trygt og utviklande leike - og læringsmiljø
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske opplegg /aktivitetar for barna
  • Samarbeide tett med kollegaer og føresette
  • Legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike og læringsmiljø
  • Medverke til gode prosessar i det daglege
  • Arbeid inn mot enkeltbarn og i barnegruppa
  • Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som barne - og ungdomsarbeidar
  • Arbeidserfaring frå barnehage
  • Beherske norsk godt, skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Engasjement for arbeid med barn
  • Omsorgsfull , tydeleg og tolmodig
  • Tek initiativ, ansvar og er løysingsorientert
  • Fysisk aktiv, leiken både ute og inne
  • Fagleg engasjert, fleksibel
  • Evner å ta barneperspektivet og bygge gode relasjonar med barn, kollegaer, føresette
  • Taklar høgt tempo i kvardagen
  • Kunne gje og ta imot rettleiing
  • Ta ansvar for eigne oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me tilbyr:
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Kjekke og varierte dagar
  • Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Gode velferdsordningar
  • Oppfølging og rettleiing
  • Bedriftstrening
  • Gratis parkering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMerete Lefdal47010283Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837SektorOffentlig

KVERNHUSHAUGEN BARNEHAGE

Lignende stillinger

  • Fagarbeidar i Kyrkjebakken barnehage

    KYRKJEBAKKEN BARNEHAGE

    • Leikanger, Vestland
    Kyrkjebakken barnehage vert reetablert 01.08.2026. Sogndal kommune overteke då SAMAN studentbarnehage Sogndal til ein kommunal barnehage. Ved oppstart 01.08.2026, er me i SAMAN sin…
    • 6 dager siden