Kommunikasjonsrådgjevar
Nordland fylkeskommune Se alle jobber
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Du vil få ei viktig rolle knytt til kommunikasjonsarbeidet i politiet i den vesle kommunikasjonsstaben vår. Det er ei bratt læringskurve hos oss. Derfor treng vi deg som tek ansvar. Vi er flinke til å spele kvarandre gode for å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte. Vi som jobbar med kommunikasjon i politiet er tett på politikvardagen taktisk, operasjonelt og strategisk. Vi må vere gode på å sjå heilskapen, trygge, rettleie og byggje tillit. Vi må også vere modige og tenkje nytt for å kunne nå innbyggjarane våre på ein best mogleg måte.Vil du bli ein del av eit større nettverk?
Vi samarbeider tett med kommunikasjonsnettverket i dei andre politidistrikta, dei andre særorgana i politiet og Politidirektoratet. Du får vere med på å utvikle kommunikasjonsarbeidet både regionalt og nasjonalt.Har du lyst til å planlegge din eigen arbeidskvardag?
Du får kontorplass på politihuset i Ålesund, med fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida. Kommunikasjonsarbeidet vårt femner om heile politidistriktet, så litt reising mellom fjordar og fjell vert det naturlegvis, men det planlegg du oftast utifrå kva som passar best for deg og din kvardag.Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarArbeidsoppgåver
- bidra til å styrke kommunikasjonskompetansen i politidistriktet, både internt og eksternt, og gi strategiske og faglege råd til kollegaer og leiarar
- finne dei gode historiene frå politikvardagen og formidle dei gjennom tekst, bilete, grafikk og/eller video i dei kanalane politiet nyttar, både internt og eksternt
- samarbeide med Nettpatruljen knytt til innhaldsproduksjon og vere med å utvikle kanalane våre
- utarbeide og sørgje for at organisasjonen tek i bruk ulike kommunikasjonsplanar og strategiar
- handtere førespurnader frå media raskt og effektivt
- bruke kommunikasjon aktivt, raskt og strategisk når det krevst
- bidra til gjennomføring av medietrening av tilsette i politidistriktet
- andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
- høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, samfunnsvitskap eller andre relevante fagområde. Minimum bachelor-nivå. Lang arbeidserfaring innanfor kommunikasjon eller journalistikk kan kompensere for kravet i særskilde tilfelle.
- for å bli vurdert som seniorrådgjevar er det krav til utdanning på masternivå innan kommunikasjonsrelevante fag. Relevant bachelor og minimum fem års erfaring frå kommunikasjonsfag/journalistikk kan kompensere for krav om mastergrad.
- god digital kompetanse og erfaring med innhaldsproduksjon til ulike kanalar
- erfaring med kommunikasjonsarbeid eller journalistikk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
- førarkort klasse B
- god erfaring med intern-, ekstern- og krisekommunikasjon
- erfaring frå pressehandtering
- erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
- erfaring frå innhaldsproduksjon og med ulike publiseringsløysingar internt og eksternt, innhald i form av bilete, video eller grafisk utforming til sosiale medium
- dokumentere gode ferdigheiter med Adobe Premiere, Photoshop, Indesign eller andre relevante verktøy
- ein utfordrande og spanande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag.
- fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga er lønna som rådgjevar, SKO 1434, frå kroner 600 000 til kroner 700 000 brutto årslønn, eller som seniorrådgjevar SKO 1364, frå kroner 700 000 til kroner 750 000 brutto årslønn. For særskilt kvalifiserte kan høgere lønn vurderast
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (
- mogelegheit til trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift