Sommarjobb i omsorgstilbod for ungdom avd. Sansehuset
Bømlo kommune Se alle jobber
- Norge
- Midlertidlig
- Fulltid
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4 helgEr du den me leitar etter? Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2026Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStillingstittel:Sommarjobb i omsorgstilbod for ungdom, avd. SansehusetStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5074077799Startdato:22.06.2026Sluttdato:16.08.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla , inkludert opplæringstilbod, og leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren
- Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta og pårørande.
- Journalføring og arbeid inn mot gjeldande lovverk.
- Utarbeide og evaluere rutinar og metodar og vere med i eit utviklande miljø.
- Relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan helse- og sosialfag (hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar).
- Relevant erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt, og kan kompensera for manglande utdanning.
- Erfaring / ev. kompetanse i førebygging og handtering av utagerande atferd.
- God norsk kunnskap både skriftleg og munnleg.
- Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med autisme/utviklingshemming.
- Erfaring med pårørandearbeid.
- Sertifikat kl. B.
- Me søkjer deg som er imøtekommande, omgjengeleg, venleg og serviceinnstillt.
- Du må trivast med variert arbeid og ein viss grad av uføreseielege dagar med høgt arbeidstempo.
- Du kan stå i krevjande situasjonar over tid.
- Du er uredd og ser løysingar før avgrensing.
- Du bør vera i god fysisk form.
- Du er sjølvstendig, men arbeider og godt i team.
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid (ta stilling til om dette er aktuelt)
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4 og Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)Adresse: Leirdalen 1, 5430 Bremnes, NorgeKontaktinformasjonLinda HellenOm arbeidsgivarenBerekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.