Faglærar naturbruk

Vestland fylkeskommune

  • Norge
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Om stillingaBømlo vidaregåande skule har omlag 420 elevar og 65 tilsette fordelt på lokasjon Rubbestadneset og lokasjon Leite. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk og Helse- og oppvekstfag.
Vestland fylkeskommune har som ambisjon og målsetting at alle elevar som tek til i vidaregåande skule skal fullføre, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.
Bømlo vidaregåande skule er ein viktig aktør i lokalsamfunnet og har eit tett samarbeid med næringslivet.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:10.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Faglærar naturbrukStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008225377Sosial deling :ArbeidsoppgåverUndervising og oppfølging av elevar.
  • 100 % stilling med undervisning i programområde naturbruk.
  • Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg1/Vg2 i programområde vg1 naturbruk og vg2 akvakultur.
  • Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
  • Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
  • Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
  • Ett eller flere fagbrev/svennebrev innen programområdet naturbruk og akvakultur.
  • Godkjent pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU)
  • Godkjent politiattest
  • 4 års relevant praksis etter fagbrev
  • 2-årig teknisk fagskole eller 3-årig relevant bachelor eller yrkesfaglærerutdanning
Det er ynskjeleg med:
  • Undervisningserfaring.
  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Yrkesrelevant utdanning innan akvakultur.
Personlege eigenskapar
  • Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
  • Du har god pedagogisk forståing.
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
  • Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Adresse: NorgeKontaktinformasjonJohn Ivar AlvsvågAss. rektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Faglærer Naturbruk - Fiske og fangst

    ALESUND VIDEREGAENDE SKOLE

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Er du interessert i å ta ansvar for opplæring og utdanning av fremtidige fiskere og ungdommer som skal inn i den marine næringa? Liker du i tillegg å omgås ungdommer kan du være pe…
    • 3 dager siden
  • Faglærar naturbruk

    Vestland fylkeskommune

    • Vestland
    Arbeidsoppgåver Undervising og oppfølging av elevar. 100 % stilling med undervisning i programområde naturbruk. Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg1/Vg2 i p…
    • 8 dager siden