Familieterapeut

Bufetat

  • Bergen, Vestland
  • kr 624.500-667.700 pr år
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Om stillingaVed Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen, får vi økte ressurser og har ledig 4 faste stillingar. Det kan og verte ledig eit vikariat i 100 % som familieterapeut. Vikariatet er for eit år og kan verte forlenga. Skriv i søknaden om du vil vurderast for fast stilling, vikariat eller begge.Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag.Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord, og i Odda med utekontor på Voss og Husnes.Kontora har omlag 36 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar og tilsette med kontorfagleg kompetanse.Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typer relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman, tilsyn ved samvær, grupper og kurs. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.Familievernet er i utvikling og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom familievernets tenestetilbod.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.05.2024Arbeidsgivar:BufetatStillingstittel:FamilieterapeutStillingar:5Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:Fast, VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4795891515Sosial deling :ArbeidsoppgåverI familievernet vil du arbeide med:
  • Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar.
  • Foreldrerettleiing.
  • Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
  • Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
  • Samvær med tilsyn.
  • Kurs og gruppar.
  • Utadretta og førebuande arbeid.
  • Intern fagutvikling i samarbeid med kollega.
  • Administrative/andre oppgåver knytt til drift av kontoret.
Kva slags bakgrunn har du ?Krav til stillinga:
  • Utdanning som barnevernspedagog , sosionom eller sjukepleiar med vidareutdanning i familieterapi.
  • Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
  • Gode kliniske ferdigheiter.
  • God IT-kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Kven ser vi etter?Du har:
  • Evne til å møte menneske i ein vanskeleg livssituasjon på ein respektfull, god og trygg måte.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Høg arbeidskapasitet.
  • Evne til sjølvleiing og fleksibilitet.
  • Interesse for, og evne til å møte faglege utfordringar.
Personleg eignaheit og samansetjing av personalgruppa vil bli vektlagd, og me oppfordrar menn til å søkja.Kva får du hos oss?
  • Stillinga som familieterapeut er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 624 500 - 667 700 pr. år (ltr. 64 - 68), stillingskode 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 624 500- 667 700 pr. år (ltr.64-68).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Odda.
  • Vi ønskjer lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom
personalsamansetninga er viktig.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
  • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.Adresse: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, NorgeKontaktinformasjonVibeke HeitmanneiningsleiarE-post: vibeke.heitmann@bufetat.noOm arbeidsgivarenBarne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Bufetat

Lignende stillinger

  • Familieterapeut

    Bufetat

    • Bergen, Vestland
    • kr 624.500-667.700 pr år
    Arbeidsoppgåver I familievernet vil du arbeide med: Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar. Foreldrerettleiing. Å auke barns medverknad gjen…
    • 9 dager siden