Fagarbeidar/assistent i skule og SFO

SOLEVAG SKULE

  • Møre og Romsdal
  • Fast
  • Deltid
  • 3 dager siden
Er du ein positiv rollemodell, leiken og har hjarte for barn og unge? Solevåg skule søker etter fagarbeidar/assistent i inntil 300% for komande skuleår. Vi har behov for gode vaksne som likar varierte arbeidsdagar og som kan arbeide både i skule og SFO.
Skulen vår har om lag 185 elevar frå 1.-7. trinn, samt omlag 80 aktive barn i SFO. Vi har eit godt arbeidsmiljø der folk trivst, eit flott uteområde og det er kort veg til fleire fine naturområde.Det vil kunne verte aktuelt med oppstart i mai/juni 2026.ArbeidsoppgåverHos oss blir du ein viktig del av elevane sin kvardag, og vil:
  • delta i arbeidet med å planlegge, leggje til rette for, koordinere og gjennomføre aktivitetar saman med elevar i
klasser og grupper i både skule og SFO. Arbeid med enkeltbarn er også aktuelt. * vere ei trygg og tydeleg rollemodell i skule og SFO.
  • følge opp og rettleie barn i leik og aktivitetar i friminutt og uteaktivitetar.
  • jobbe med barn som har spesielle behov.
  • ha eit ekstra auge på positiv merksemd, evne å setje tydelege grenser og lage gode rutinar for seg sjølv og elevane.
Det kan bli aktuelt med arbeid tett på elevar som har stort behov for oppfølging, hjelp og støtte.KvalifikasjonarVi søkjer etter ein god og trygg rollemodell som har:
  • utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Gode vaksne med anna relevant kompetanse og bakgrunn kan også vere aktuelle.
  • grunnleggande IKT-kompetanse
  • god kompetanse i norsk språk, munnleg og skriftleg
Vi har også ønskje om at du har erfaring frå arbeid med barn og unge, og/eller barn med stort oppfølgingsbehov.Personlege eigenskaparKven er du? Vi søkjer etter vaksne som:
  • likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne
  • er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
  • kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjerder, men også er ein lagspeler.
  • er positiv og vektlegg samarbeid.
  • er løysingsorientert.
I tilsettingsprosessen vil vi leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna for stillinga.Vi tilbyrVi kan tilby:
  • ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
  • eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
  • arbeidsklede
  • gratis parkering
  • løn etter utdanning og tidlegare arbeidserfaring.
Kontaktinformasjon Børre Andreas Hagen, RektorArbeidsstad solavågseidet 57
6037 EidsnesNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5100128920
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 27.04.2026Kontaktperson for stillingenBørre Andreas HagenRektorOm bedriftenSektorOffentlig

SOLEVAG SKULE