Tilkallingsvikarar Ørsta vidaregåande skule

Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Ørsta, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaBli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.Vi er rundt 300 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:Bygg- og anleggsteknikk
Elektro og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifagSkulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår:NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.06.2026Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:ØRSTAStillingstittel:Tilkallingsvikarar Ørsta vidaregåande skuleStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:0Webcruiter-ID:5004880850Sosial deling :ArbeidsoppgåverSkulen har jamnleg behov for lærarvikarar innan dei fleste av dei yrkesfaglege programområda våre, i tillegg til også innan fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnskunnskap. Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar inviterer vi deg til å søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller utdanning relevant for undervisning i fellesfaga. Registrer deg gjennom å søke på denne stillinga, eller ta kontakt med aktuell avdelingsleiar om du ynskjer meir opplysningar. Du finn kontaktinformasjon på heimesida vår: Utlysinga har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknadar og tek kontakt om oppdrag vert aktuelt.KvalifikasjonarVi søker personar som har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av områda/faga skulen tilbyr. Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe godt for deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein livssituasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, og som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss.Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.Du må like å arbeide med ungdom.Du har eit stort engasjement for faget ditt.Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.Du har ein inkluderande veremåte.Du er fleksibel og ser moglegheiter.Du likar godt å samarbeide.Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø med faglege og personlege utfordringar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar.Adresse: Holmegata 14, 6153 ØRSTA, NorgeKontaktinformasjonBjørnar SæteråsRektorOm arbeidsgivarenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.Vi er rundt 340 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Møre og Romsdal fylkeskommune