Rådgjevar

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Vestland fylkeskommune har rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Tenesta skal vere med å legge til rette for at flest muleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med lærebedrifter, skular, kommunar og andre aktuelle instansar.Vi har ledig 100 % stilling som rådgjevar innan vidaregåande opplæring.ArbeidsoppgåverBidra til at rettleiingstenestene leverer tenester med høg fagleg kvalitet ved å:
  • hjelpe skular og lærebedrifter med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er at alle elevar og lærlingar skal oppleve tilpassa og inkluderande opplæring.
  • utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det
  • vere kontaktperson for lærebedrifter og skular
  • bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta
  • bidra til at ungdom og vaksne får fullført vidaregåande opplæring og vert kvalifisert for jobb og vidare utdanning
andre arbeidsoppgåver innanfor rettleiingstenesta kan vere aktuelleKvalifikasjonarMasternivå frå universitet eller høgskule i relevante fag som til dømes pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi og:
  • minimum 5 år arbeidserfaring
  • kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • rettleiingskompetanse og erfaring frå opplæring. Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.
  • førarkort kl.B
Annan relevant kompetanse og/eller erfaring kan erstatte kravet om mastergrad. Ein vert då tilsett i annan stillingsnemning.Personlege eigenskaparl stillinga ser vi etter deg som er:
  • lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • analytisk og viser god systemforståing
  • inkluderande og byggjer gode relasjonar
  • engasjert og har evne til å motivere
  • sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
  • ansvarsfull, målretta og systematisk
Personlege eigenskapar vert vektlagtVi tilbyr Vi kan tilby eit spanande og breitt fagleg fellesskap der det blir lagt til rette for vidareutvikling av fagkompetanse.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Den som skal tilsetjast må leggje fram godkjent politiattest.Kontaktinformasjon Margrethe Eikrem Aarset, leiarArbeidsstad Naustdalsvegen 12
6800 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4672400420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025Kontaktperson for stillingenMargrethe Eikrem AarsetleiarOm bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.SektorOffentlig

NAV

Lignende stillinger

  • Tilretteleggar for hjelpekorps

    RODE KORS SOGN OG FJORDANE

    • Førde, Vestland
    Det er 27 hjelpekorps med 550 godkjende hjelpekorpsarar i Røde Kors i Sogn og Fjordane. Dette gjer Sogn og Fjordane til eit av dei største hjelpekorpsdistrikta i landet. Mange av h…
    • 3 dager siden
  • Tilretteleggar for hjelpekorps

    Røde Kors

    • Førde, Vestland
    Om stillingen Vi søker deg som ynskjer å gjere ein forskjell for andre. Du trives med at det er mykje som skjer, og har evne til å ha oversikt og orden innan organisering, framdr…
    • 3 dager siden