Fast helgestilling

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Om stillingaAvdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. S1 er ein av dei to døgnseksjonane med 8 er ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske intensivplassar.Vi har ledig fast helgestilling som assistent psykiatri. På S1 arbeider vi for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt her hos oss. Vi er stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling til våre pasientar.S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.Fast helgestilling inneber arbeid i todelt turnus på 16 helger per år. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:02.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStad:BergenStillingstittel:Fast helgestillingStillingar:4Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:18Webcruiter-ID:5004890235Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Tverrfagleg arbeid i posten, herunder gjennomføring av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
  • Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
  • Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak
  • Praktiske oppgåver knytta til drift av sengepost
  • Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
  • Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurdert
  • Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
  • Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Vi søker deg som
  • Skapar gode relasjonar til dei rundt seg, og opptrer med tolmod og respekt
  • Er moden, ansvarsbevisst og evner å romme ulike følelsesmessige reaksjonar hos pasientane
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø, og arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og liker varierande utfordringar
  • Personleg eigna til arbeidet
  • Arbeider strukturert og målretta, er punktleg og påliteleg
  • Har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Er løysingsorientert, god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
  • Vi tilbyr eit svært triveleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfylt og gjev personleg og fagleg utvikling
  • Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinkomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, NorgeKontaktinformasjonMarte Kristine BjørgveSeksjonsleiarAsle GramstadAss. seksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Vernepleier/sykepleier 100% fast stilling

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    • kr 488.400-579.100 pr år
    Om stillingen Torsvei Bofellesskap ligger under Botjenester i Fana , som er en bydelsomfattende enhet med ca. 250 årsverk fordelt på 11 tjenestesteder. Enheten yter tjenester til…
    • 1 time siden
  • Fast 100 % stilling som miljøterapeut

    Bufetat

    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Ein god barndom varar livet ut. I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front interna…
    • 5 timer siden
  • Fast 100 % stilling som miljøterapeut

    Bufetat

    • Bergen, Vestland
    Ein god barndom varar livet ut. I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor…
    • 7 timer siden