
Tannlegespesialist i periodonti
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
TK Vestland er eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i Noreg.
TK Vestland tilbyr spesialisttannhelsetjenester til befolkningen i Vestland. Vi utfører undersøkning og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikker, samt utadretta verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 40 ansatte på spesialistklinikken. Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:16.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:BergenStillingstittel:Tannlegespesialist i periodontiStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:20Webcruiter-ID:4999744800Startdato:01.11.2025Sluttdato:31.12.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Som spesialist i periodonti ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist. Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og du vil ha ei viktig rolle i dette arbeidet. Det vil også inngå i arbeidsoppgåvene å delta i utadretta verksemd som kurs og kompetansehevande tiltak.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
- Norsk autorisasjon som spesialist i periodonti
- PhD vil vera ei føremon
- Erfaring med arbeid med pasientgruppene i offentleg tannhelseteneste er ønskjeleg
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
5009 Bergen
NorgeÅrstadveien 21
5009 Bergen
NorgeKontaktinformasjonMartha Sørensenområdeleiar tannhelseAnne Marit Graueklinikkleiar (tannlege)Om arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.