Lege i spesialisering i radiologi
Helse Møre og Romsdal Se alle jobber
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
- Utføre og tolke radiologiske undersøkingar, med rotasjon mellom ulike fagområde basert på kompetanse og behov
- Delta i vaktordning med tilstadeverande teneste 24/7, med overlege som bakvakt (heimevakt om natta)
- Bidra i akuttberedskap og handtering av akutte funn
- Delta i intervensjonsradiologiske prosedyrar
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga
- Delta i internundervisning og faglege møte
- Bidra/delta til forsking og utviklingsarbeid ved interesse
- Delta i tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å sikre optimal diagnostikk og gode pasientforløp
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 (eller turnusteneste etter tidlegare ordning)
- Erfaring frå radiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Fagleg engasjement, motivasjon for læring og evne til kontinuerleg utvikling
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt til arbeidsmiljøet, samt trivsel i tverrfaglege team
- Gode kommunikasjonsevner og strukturert arbeidsform
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing
- Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på trivsel og utvikling
- Gode moglegheiter for fagleg vekst og spesialisering
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Ålesundsregionen er eit eldorado av fjell og sjø og byr på varierte naturopplevingar i fritida. Byen har òg eit rikt kulturliv. Flyplassen ligg sentralt, om lag 25 minutt frå sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, både innanlands og utanlands.Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, NorgeKontaktinformasjonGulay KarAvdelingssjefE-post: gulay.kar@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå