Er du på utkikk etter ein meiningsfull og givande jobb?
JAG ASSISTANSE AS
- Volda, Møre og Romsdal
- Fast
- Deltid
Grunna samansette utfordringar med bla. ADHD/ADD og autisme, er det fleire ting eg strevar med i kvardagen, men også mange ting eg greier.
Å vere tolmodig, bli godt kjent med meg, og å forstå mine utfordringar er veldig viktig for å kunne gi hjelpa eg treng. Målet mitt er å bu mest mogleg sjølvstendig i eiga leilegheit i Volda, kunne ha ein tilrettelagt jobb, og elles leve eit så normalt og sosialt liv som mogleg.Interessene mine er musikk, film og teater, og gjerne lage noko kreativt sjølv. Bygge eller skrue, og lære nye ting er også kjekt. Likar aktivitetar som fotball, bading, trening, og fotturar. Om du også deler nokon av mine interesser hadde det vore kjekt.Sjølv om eg har godt pågangsmot, treng eg hjelp både til å gjere val, kome i gang med ting og å fullføre det eg har starta. Struktur, rutine, og tryggheit er viktig for at eg skal fungere. Treng også hjelp til å kome meg ut og leve eit normalt sosialt liv, og at nokon kan vere med meg på turar. Eg har eigen bil, så om du også likar å køyre på bilturar og være i aktivitet, trur eg at vi kan få det veldig kjekt i lag.Om du er ung eller godt vaksen, så har alle sine styrker og svakheiter, og alle kan vere like aktuelle. Dersom du ønskjer å jobbe i ein givande og variert jobb, håpar eg du søkjer! Ledig stillingstype:
- Fast deltidsstilling med 2-4 timar i veka.
- Tilkalling.
- Kveld for fast stilling.
- Dag/kveld/helg for tilkallingsstilling.
- Praktisk støtte og hjelp i leilegheita med reinhald, klevask, og anna husarbeid, handling, og matlaging saman med meg. Treng også litt hjelp til personleg stell.
- Hjelp til å lage dagsplanar og rutinar i samarbeid med meg og arbeidsleiar.
- Hjelpe meg å ta val, støtte og motivere.
- Hjelpe med å planlegge og ta del i aktivitetar. Finne på ting saman med meg.
- Støtte til å kome meg ut i ein tilrettelagt jobb.
- Bistå meg på trening og delta i sosiale aktivitetar, samt være med på turar.
- Trygg, påliteleg, empatisk og ansvarsfull.
- Løysingsorientert, sjølvgåande, og gjerne kreativ.
- Kunne setje seg inn i, og forstå andre sine utfordringar.
- Evne til å motivere andre.
- Tariffavtale (Landsoverenskomsten for BPA).
- Gode pensjon- og forsikringsordninger
- Stort fokus på opplæring og kurs
- Digital timeregistrering
- Treningstilskot