
Stipendiat ved Klinisk institutt 1
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Forbetre forståinga av risikofaktorar for primære hovudpiner
- Føresei diagnose og sjukdomsutvikling
- Identifisere dei mest effektive og trygge behandlingane
Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen, inviterer til å søkje på ei fulltids (100 %) stilling som stipendiat. Stillinga er ein del av prosjektet Understanding Headache Through Registry Data – A NorHEAD–MiHEAD project, under paraplyen til Nasjonalt senter for hovudpineforsking (NorHEAD). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Les meir på .Internasjonalt og samarbeidsorientert miljø
Stillinga gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit høgt tverrfagleg og samarbeidsorientert miljø. Prosjektet inneber tett samarbeid med andre stipendiatar, postdoktorar og seniorforskarar, både nasjonalt og internasjonalt. Våre samarbeidspartnarar inkluderer leiande forskingsgrupper i Storbritannia, Danmark og Spania – inkludert den verdskjende High-Dimensional Neurology Group ved UCL Queen Square Institute of Neurology i London.
Den som får stillinga, vil ha arbeidsstad ved Universitetet i Bergen, i eit stimulerande akademisk miljø med framifrå forskingsinfrastruktur og tilgang til høgkvalitets nasjonale datakjelder.Om prosjektet/arbeidsoppgåverVi søkjer ein engasjert og motivert PhD-stipendiat til eit tverrfagleg forskingsprosjekt som nyttar store nasjonale helse- og sosioøkonomiske register, databasar og biobankar. Målet med prosjektet er å undersøkje kva behandlingar som verkar best og er tryggast for pasientar med hovudverk, kva medisinske, medfødde og miljømessige faktorar som er knytte til utvikling av hovudverk, og korleis hovudverk påverkar samfunnsøkonomien i Noreg.Prosjektet tek i bruk avanserte metodar innan epidemiologi, kausal inferens, genetisk epidemiologi og maskinlæring.Som PhD-stipendiat i prosjektet vil du:
- delta aktivt i gruppemøte, utarbeide statistiske analyseplanar saman med andre forskarar, gjennomføre dataanalysar, skrive vitskaplege artiklar, rettleie masterstudentar og bidra til formidling av forskingsresultat.
- samarbeide tett med informatikarar, statistikarar og nevrologar for å sikre både klinisk relevans og metodisk styrke i analysane.
- samarbeide med internasjonale partnarar for å styrkje den metodiske kvaliteten og fremje kunnskapsutveksling og fagleg kompetansebygging.
- å bidra til dei pågåande forskingsaktivitetane ved instituttet, medverke til tverrfagleg samarbeid, vitskapleg formidling, publikasjonar av høg kvalitet og moglegheiter for framtidig ekstern finansiering.Presentere forskinga di på nasjonale og internasjonale konferansar Samhandle med publikum og pasientar med hovudverk, mellom anna gjennom formidling av forsking i media og sosiale medium
- Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i
- medisin, farmakologi/farmasi, folkehelse, epidemiologi, statistikk, biostatistikk, maskinlæring/kunstig intelligens eller samfunnsøkonomi.
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil bli rekna som ein fordel.
- Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samtidig vise gode samarbeidsevner.
- Søkjar må vise både evne og motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-prosjekt.
- Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk er eit krav. Ferdigheiter i eit nordisk språk (munnleg og skriftleg) blir rekna som ein fordel. Sjå informasjon om dokumentasjonskrav.
- Erfaring med epidemiologi og statistiske analysar, inkludert bruk av programvare som STATA, R eller SAS, vil bli vurdert positivt.
- Dokumentert eller demonstrert evne til å arbeide sjølvstendig med registerdata eller store datasett vil bli sett som ein fordel.
- Erfaring med, eller kjennskap til, nordiske helseregister eller databasar og/eller farmakoepidemiologi er ønskjeleg.
- Erfaring med – eller dokumentert interesse for – avanserte statistiske metodar for kausal inferens i observasjonsdata, modellbasert imputasjon, genetisk epidemiologi, eller bruk av maskinlæring på registerdata er høgt verdsett.
- Klinisk erfaring med pasientar som har hovudpinesjukdomar blir rekna som ein fordel.
- Vist interesse for hovudpineforsking og/eller folkehelse vil bli tatt med i vurderinga.
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå
- Eventuelle publikasjonar (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)