Apotekteknikar
Sjukehusapoteka Vest
- Førde, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar. Byen og Sunnfjord kommune satsar på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. Uavhengig om du er glad i friluftsliv, idrett eller kultur, vil du finne noko som passar for deg.For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.Vi ser fram til å høyre frå deg - og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
- tilverke legemiddel til bruk på sjukehuset
- reinhald av produksjonsrom og utstyr
- gje råd og samarbeide tett med helsepersonell på sjukehusetresept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
- rådgjeving og sal av medisinar til pasientar og kundar
- handtere bestilling og levering av legemiddel til sjukehuset
- ønskeleg med norsk autorisasjon som apotekteknikar
- Vi ser både etter deg som er nyutdanna apotekteknikar, du som har jobba i apotek og ønskjer å prøve noko nytt, eller du som har jobba i andre sektorar og ønskjer nye utfordringar i eit sjukehusapotek
- Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke og å bli vurdert
- bestått treårig vidaregåande skule
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- gode IKT-kunnskapar
- du ønskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa, du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nøyaktig og opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppgåver og kompetansebygging
- eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor
- Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
6812 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5011908865
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 17.09.2025Kontaktperson for stillingenVesna Tanaskovic LienKonst. apoteker+47 48670295Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekrutteringSjå nettsida vår for meir informasjonSektorOffentligNettsted