100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel) I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me nye dyktige, sjukepleiarar til 100% nattevaktstilling.KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus. Stillinga er rein nattevaktstilling med langvakt, natt kvar 3.helg, med mogelegheit for samla fri. Årsturnus.Du vil arbeida i team saman med helsefagarbeidar på natt, der du har det sjukepleiar faglege ansvaret for pasientane på både sjukeheimen og KAD seng.Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk oppfølging, for å avdekkja forverring av tilstand hjå pasienten, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: Medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2-score) og behandlingsavklaring. Om arbeidsgjevaren:Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøken, fysio-/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!Samlokalisert med heimesjukepleien. Heimesjukepleien yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 tenestemottakarar rundt om i bygda.Me er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega! Er dette deg?
Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
Hjå oss får du:
Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
Støttande leiing
Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
Autorisasjon som sjukepleiar
Førerkort klasse B
Gyldig politiattest
Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg - bestått B2-eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
Relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
Gode personforsikringar i arbeid og fritid
Gode moglegheiter for vidareutdanning
Rekrutteringstilskot 60 000,- med to års bindingstid
Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Tilgnag til kommunalt abonnement på treningssenter
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenToril Grøthe91360633 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenI Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.SektorOffentlig