Barnehagelærarar og pedagogiske leiarar, 2. gongsutlysing

Vindafjord kommune Se alle jobber

  • Vindafjord, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Me søker:Barnehagelærarar/pedagogiske leiarar ved kommunale barnehagar i Vindafjord. I kommunen vår blir alle tilsett som pedagogiske leiarar. Frå august vil me ha behov for fleire pedagogiske leiarar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Det er både faste stillingar og vikariat, i heile eller reduserte stillingar. Stillingane er ein del av grunnbemanninga.Kva får du jobba med hos oss?
  • Du får det pegagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen
  • Du sørger for at barnehagelova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Du leiar det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa
  • Du utvikler og implementerer i samarbeid med styrar/einingsleiar, pedagogiske aktivitetar som fremmer barnas læring og utvikling
Kvalifikasjonar:
  • Godkjent utdanning som barnehagelærar. Dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkjerar kan andre søkjerar bli vurderte
  • Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast
Personlege eigenskapar:
  • Må kunne skapa gode relasjonar til barn, heim og vaksne ved barnehagen
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildebarn
  • Arbeida saman med kollegaer i barnehagen for å lage eit godt miljø for barna og arbeidsmiljø for dei vaksne
  • Du er fagleg engasjert
  • Du er løysingsorientert
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen
  • Me legg stor vekt personleg eignaheit
Me kan tilby:
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt
  • Bedriftskunstlag for faste tilsette
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no) for faste tilsette
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Vindafjord kommune