Tannlege

Vestland fylkeskommune

  • Førde, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVestland tannhelseteneste - Førde tannklinikk har ledig eitt års 100% vikariat som tannlege frå sommaren/hausten 2024.Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, og ligg ein tre timar køyretur nord for Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med sin nærleik til både fjell og fjord. Det er nydelege langrennsløyper, flotte toppturmogelegheiter, nytt klatresenter og gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter. Det er også sjukehus i Førde.Tannklinikken har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar, og flytta i 2023 inn i nye moderne flotte lokaler. Tannklinikken har TOO-arbeid, narkose på sjukehuset og arbeid på Barnehuset, og det er tenkt at det skal vere spesialistar ved tannklinikken etter kvart. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:FørdeStillingstittel:TannlegeStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4800058793Sosial deling :KvalifikasjonarSøkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må legge fram polititattest.Personlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi søkjer deg som:- likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- har gode kommunikasjonsevner
- har gode samarbeidsevner
- har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- ønskjer å vere med på å utvikle Vestland tannhelsetenesteDet vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.Vi tilbyr- ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- løn etter avtale med ei minsteløn på 620 000,-
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningarAndre opplysningarAlle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25,2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.Adresse: Langebruvegen 76, 6800 Førde, NorgeKontaktinformasjonElisabet Skredeområdeleiar tannhelseOm arbeidsgivarenTannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter - TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Tannlege

    Vestland fylkeskommune

    • Førde, Vestland
    Vestland tannhelseteneste - Førde tannklinikk har ledig eitt års 100% vikariat som tannlege frå sommaren/hausten 2024. Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den stør…
    • 10 dager siden