Helgestillingar omsorg og sjukeheim
Ørsta kommune Se alle jobber
- Ørsta, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
- pleie og omsorgsoppgåver i samarbeid med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og andre kollegaer
- praktiske og daglege gjeremål knytt til måltid og orden og trivsel på avdelinga
- bidra til ein god kvardag ved å vere saman med bebuarane og legge til rette for sosial deltaking og aktivitet
- setje seg inn i daglege rutinar, tiltaksplanar og naudsynt informasjon knytt til bebuar
- observere bebuarane i det daglege og melde frå til ansvarleg personale ved behov eller endringar hos bebuarane
- medverke til dokumentasjon, informasjonsflyt og registrering av utførte oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og etter opplæring
- Det er ikkje stilt spesielle utdanningskrav til desse stillingane, men relevant erfaring innan helse og omsorg vil vere ein fordel
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- likar å jobbe med menneske og vise omsorg for andre
- er ansvarsbevisst, påliteleg og strukturert
- er positiv, tolmodig og møter andre med respekt og forståing
- likar å jobbe saman med andre, men også kan utføre oppgåver sjølvstendig
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- eit meiningsfullt og lærerikt arbeid med utfordrande og varierte oppgåver
- opplæring og oppfølging
- eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgang til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.Arbeidsvilkår: 25 % stilling på helg. Fleire av avdelingane har langvakter på helg.Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1.1.Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6572 assistentTilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn - intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonArja HietanenAvdelingsleiar BakketunE-post: arja..helena.hietanen@orsta.kommune.noWenche FloTenesteleiar Omsorg og sjukeheimE-post: wenche.flo@orsta.kommune.noOm arbeidsgivarenØrsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåverUtvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskapHeiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.