Lege i spesialisering barnesjukdomar

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Vi har ledige stillingar for lege i spesialisering innan barnesjukdomar!
  • 100% fast
  • 100% vikariat frå snarast
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset ved Hjelset. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnesjukdomar, med oppstart frå snarast.Stillingane inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg. Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus blei slått saman til eit nytt fellessjukehus. Det nye akuttsjukehuset på Hjelset i Molde kommune. Har sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 800 fødslar pr.år. Samt poliklinikk og dagbehandlingstilbud for barn og unge i SNR Kristiansund.Vi ønsker deg som er interessert i å jobbe med barn og unge, og som vil være med å bygge opp vårt nye tilbud på SNR Hjelset velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!Arbeidsoppgåver
  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg
Kvalifikasjonar
  • Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Gode kunnskapar i norsk/nordisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har interesse for faget, og eit ønskje om å spesialisere deg innan barnemedisin
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!Kontaktinformasjon Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, 711 16581,
Bente Askestad, Seksjonsoverlege, 711 21590Arbeidsstad Opdølvegen 2
6450 HJELSETNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4989149008
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.09.2025Kontaktpersoner for stillingenSiv Helen KristoffersenSeksjonsleiar711 16581Kopier telefonnummerKopier e-postadresseBente AskestadSeksjonsoverlege711 21590Kopier telefonnummerOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri? Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har ly…
    • 9 dager siden
  • Lege i spesialisering nevrologi

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Om stillinga Seksjon for nevrologiske leger ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) lyser ut fast stilling for LIS3 i nevrologi. Vi er en velorganisert seksjon med godt arbeidsm…
    • 27 dager siden