Faglærar matematikk

Vestland fylkeskommune

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Om stillingaKvinnherad vidaregåande er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vere ein tydeleg og aktiv pådrivar i utviklinga av Kvinnherad. Målsetjinga vår er å vere den viktigaste møteplassen og lærestaden for ungdom i Kvinnherad.På KVV er vi stolte av å skape eit inkluderande og positivt læringsmiljø. Vi har gjennom prosjektet "Ulikt utgangspunkt, like sjansar" hatt eit stort fokus på inkluderande praksis og tilpassa opplæring. Det betyr at vi jobbar for at det spesialpedagogiske skal gå hand i hand med den ordinære opplæringa, og at alle elevar skal kjenne seg fagleg og sosialt inkluderte i fellesskapet.Vi har ledig inntil 100% stilling i matematikk. Det kan og bli aktuelt med inntil 100% vikariat i matematikkNøkkelinformasjonSøknadsfrist:14.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Faglærer matematikkStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5006902325Startdato:15.09.2025Sosial deling :ArbeidsoppgåverUndervisning i fellesfag og programfag, på både yrkesfag og studiespesialiserande i matematikk. Det kan vera aktuelt med tolærarsystem i undervisningaKvalifikasjonarTil alle undervisningsstillingar, er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Vi ynskjer ein søkjar som kan bruke digitale plattformer og digitale undervisningsformer.
Det er ynskjeleg at søkjar har fagleg fordjuping, som t.d. master og spesialpedagogisk kompetanse innan matematikk.Personlege eigenskaparDu må kunne jobbe i ein hektisk arbeidskvardag, saman med elevar og tilsette.
Du må vere opptatt av fagleg utvikling og undervisning, og vere flink til bygge relasjonar med ungdommar.
Du er utviklingsorientert og inkluderande.
Du er fleksibel.Vi tilbyrEit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Eit godt samarbeid og eit godt læringsmiljø med rause kollegaer.
Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk.
Tilsetjing skjer på grunnlag av lov og avtaleverk.Adresse: NorgeKontaktinformasjonKjell Erik TarangeravdelingsleiarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Seniorrådgiver matematikk/IKT

    NORGES FORSKNINGSRAD

    • Oslo
    Om stillingen Vil du være med på å dele ut 1,5 milliard kroner til fri, banebrytende forskning? Har du bakgrunn fra matematikk og/eller IKT og et engasjement for norsk forsknin…
    • 14 timer siden
  • Seniorrådgiver matematikk/IKT

    Forskningsradet

    • Oslo
    Seniorrådgiver matematikk/IKT Om stillingen Vil du være med på å dele ut 1,5 milliard kroner til fri, banebrytende forskning? Har du bakgrunn fra matematikk og/eller IKT og e…
    • 14 timer siden
  • Vikariat i norsk, matematikk og kunst, design og arkitektur

    DRAMMEN VIDEREGAENDE SKOLE

    • Drammen, Viken
    Er du en trygg og engasjert lærer som ønsker å skape mening og muligheter for elevene? Vikariater ut skoleåret 25/26 i fagene kunst, design og arkitektur, matematikk og norsk D…
    • 1 dag siden