Barne- og ungdomsarbeidar, fast stilling på Tu SFO

Klepp kommune Se alle jobber

  • Bryne, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 18 dager siden
Om stillingaVil du vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø på Tu SFO?SFO på Tu skule søkjer etter to engasjerte og fagleg trygge fagarbeidarar i 50 % fast stilling.Om Tu skule/SFO
Tu skule har 200 elevar fordelt på 1.-7. trinn og 38 tilsette. På SFO er det ca. 80 born og 8 tilsette i tillegg til lærling. Skule og SFO har moderne og funksjonelle lokale som legg til rette for leik, læring og utvikling. Me er ein PALS-skule, noko som betyr at me har særleg fokus på positiv samhandling, førebygging og eit støttande læringsmiljø.Som barne- og ungdomsarbeidar på SFO vil du ha ei sentral rolle i å leggja til rette for ulike aktivitetar på SFO. Me er særleg interessert i personar med erfaring og interesse innan friluftsliv. Friluftsliv er eit satsingsområde for Tu SFO.Er du ein trygg vaksen, glad i born og vil gjera ein forskjell for borna på Tu SFO, er du velkomen til å søkja.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:13.04.2026Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:BryneStillingstittel:Barne- og ungdomsarbeidar, fast stilling på Tu SFOStillingar:2Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:50Webcruiter-ID:5104440562Startdato:01.08.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Gje omsorg og skapa trivsel.
  • Leia aktivitetar for grupper av born (leik, song, dans, friluftsliv, turar, lesing, kunst og handverk, skaparverkstad osv.)
  • Tilretteleggja for eit trygt og godt miljø for alle borna.
  • Byggja gode relasjonar med borna og hjelpa borna i å byggja relasjonar med kvarandre.
  • Bidra i planlegging av innhald i SFO i tråd med rammeplanen for SFO.
  • Daglege rutinar (måltid, inn og ut-sjekk, rydding).
  • Delta i utviklingsarbeid og samarbeid med kollega.
  • Samarbeid med føresette.
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna kompetanse kan vera aktuelt.
  • Erfaring frå arbeid med born og unge.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, minimum B2.
  • I tråd med Opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting.
Personlege eigenskapar
  • Positivt syn på born og inkludering.
  • Tålmodig og omsorgsfull.
  • Evne til å byggja gode relasjonar til både elevar og vaksne.
  • Autoritativ vaksenstil.
  • Positiv, engasjert og reflektert.
  • Du må lika å vera ute og gjerne interesse for friluftsliv.
  • Bidra med arbeidsglede, humor og positiv energi i arbeidsmiljøet.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.Vi tilbyr
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • 50 timars kurs innan friluftsliv.
Lønns og arbeidsvilkår i samsvar med med gjeldande lover, reglar og avtalar.Adresse: Tu skule, Lalandsvegen 410, 4341 Bryne, NorgeKontaktinformasjonVibeke SolaRektorOm arbeidsgivarenKlepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Klepp kommune

Lignende stillinger

  • Barne- og ungdomsarbeidar

    Time kommune

    • Bryne, Rogaland
    Om stillinga Vestly idrettsbarnehage utvider og har derfor ledig faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.26. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit …
    • 2 dager siden
  • Barne- og ungdomsarbeidar

    Time kommune

    • Bryne, Rogaland
    Vestly idrettsbarnehage utvider og har derfor ledig faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.26. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt b…
    • 2 dager siden
  • Barne- og ungdomsarbeidar, fast stilling på Tu SFO

    TU SKULE SFO

    • Bryne, Rogaland
    Vil du vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø på Tu SFO? SFO på Tu skule søkjer etter to engasjerte og fagleg trygge fagarbeidarar i 50 % fast stilling. Om Tu …
    • 18 dager siden