Ungdomsarbeidar 30% i kristent arbeid på Lye Forsamlingshus
TIME SOKN
Rogaland
Fast
Deltid
15 dager siden
Hva vi ser etter Kvalifikasjonar:Ønskjeleg med· Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande utdanning.· Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru· Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid Personlege eigenskapar· Kreativ og nytenkande· Engasjert og initiativrik· Fleksibel og løysingsorientert· Strukturert med evne til å planlegga langsiktig· Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom· Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige· KontaktskapandeArbeidsoppgaverÅ leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag, og gjennom å:vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei ungerekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarargje ungdommane ansvar og leiartreningÅ delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet. Ungdomsarbeidaren har ikkje hovudansvar.Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett.Arbeidet er i stor grad lagt til ettermiddagar, kveld og helg. Det vil vera mest arbeid annakvar veke.Vi tilbyr· Ei interessant og utfordrande stilling· Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer· Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektorKontaktperson for stillingenFrode SkårlandDagleg leiar48997102Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenTime sokn ligg i Time kommune, og i soknet vårt er det to gudstenestefellesskap. Arbeidet til ungdomsarbeidaren vil foregå på Lye forsamlingshus. Lye ligg sju kilometer frå Bryne sentrum og har om lag 2350 innbyggarar.Time sokn er ein del av Time kyrkjelege fellesråd, og det er tett samarbeid mellom Undheim og Bryne sokn. Dei tre sokna delar kontor. Det er tilsett ein som skal ha eit overordna ansvar for ungdomsarbeidet i dei tre sokna.Søknader vil bli vurdert frå og med 20.08.2025SektorOffentligNettstedFacebook