Fagarbeidar/assistent

Heroy kommune, Seksjon barnehage

  • Fosnavåg, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Om stillingaVi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar. I våre ledige stillingar får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum.Vi har ledig desse stillingane i Moltu barnehage:
  • 100 prosents mellombels stilling frå dags dato - 31.07.2026
  • 100 prosents mellombels stilling frå 01.10.2025 - 31.07.2026
NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.09.2025Arbeidsgivar:Herøy kommuneStad:FosnavågStillingstittel:Fagarbeidar/assistentStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5000916316Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan
  • støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn
  • følge opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
  • utføre praktiske oppgåver både ute og inne
For arbeid i barnehage må du følge barnehagen sitt vaktsystemKvalifikasjonar
  • primært fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, eller anna relevant utdanning
  • erfaring frå arbeid med barn
  • gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskapar
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.Personlege eigenskapar
  • har høg relasjonskompetanse
  • er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
  • er ein god rollemmodell, og ein trygg og tydeleg vaksenperson
  • deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
  • er fagleg engasjert, løysingsorientert, strukturert og fleksibel
Vi tilbyr
  • ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
  • samarbeid og lærande fellesskap
  • pensjons- og forskringsordning i KLP
  • IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervjuAdresse: Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg, NorgeKontaktinformasjonElisabeth WarpeAvdelingsleiar barnehageOm arbeidsgivarenHerøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Heroy kommune, Seksjon barnehage

Lignende stillinger

  • Sosial og aktiv mann i Fosnavåg søker fleksible assistenter

    MIO BPA AS AVD BPA

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    📍 Arbeidsgiver: Mio BPA 📅 Tiltredelse: Snarest 📌 Stillingstype: Tilkallingsvikar ⏰ Arbeidstid: Dagtid og ettermiddag Hei! Jeg er en livsglad mann på 76 år som trives med …
    • 13 dager siden
  • Fagarbeidar/assistent

    Herøy kommune

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgåver arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn følge opp barn med behov for …
    • 20 dager siden
  • Fagarbeidar/assistent

    HEROY KOMMUNE BARNEHAGEAVDELINGA ADMINISTRASJON

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    Vi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar. I våre ledige stillingar får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring st…
    • 20 dager siden