
Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
- Stord, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta.
- Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i norsk/norskdidaktikk knytt til grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10), barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanningar. Arbeidsoppgåver innanfor kurs og oppdragsverksemd vil kunne vere aktuelle, men avhenge av søkjaren sin kompetanse og instituttet/fagmiljøet sine behov.
- Institusjonsbyggjande arbeid, irekna: fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga, og undervisning kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Stord.
- Gode samarbeids- og formidlingsevner er ein føresetnad, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Undervisningsspråket er norsk, og søkjarane må meistre norsk.Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Kompetanse knytt til norskfaget med relevans for barnehage og grunnskule, særleg innan norsk litteratur
- Formell praktisk-pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule og/eller høgare utdanning
- Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
- Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida