Kunderettleiar / sakshandsamar - Ørsta trafikkstasjon

Statens vegvesen

  • Ørsta, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Kunderettleiar / sakshandsamar - Ørsta trafikkstasjonVi søkjer deg som er serviceinnstilt og systematiskOm stillingaVi har ledig ei 100% fast stillingar som kunderettleiar/sakshandsamar ved Ørsta trafikkstasjon. Du må rekne med å jobbe ved andre trafikkstasjonar i området ved behov.Som kunderettleiar betener du trafikant- og køyretøydivisjonens førsteline, som har ansvar for operative oppgåver, kundebetening og handsaming av saker innafor området trafikant og køyretøy. Vi søkjer derfor etter personar som trivst med kundekontakt og har gode formidlingsevner.Vi løyser stadig fleire oppgåver med digitale verktøy, og er under kontinuerleg endring. Det er derfor viktig at våre medarbeidarar er omstillingsdyktige og ynskjer å ta del i endringsprosessar, og vi set pris på om du er ein delaktig pådrivar for dette. Det er viktig for oss at dei tilsette blir trygge på sine arbeidsoppgåver og her vil du bli en del av eit miljø der vi hjelper og støttar kvarandre.Arbeidsoppgåver
  • Kundehandsaming i skranke, på e-post og telefon
  • Utferding av førarkort og andre kompetansebevis
  • Prøveleiar for teoriprøvar
  • Registrering av køyretøy (bestille skilt, krevje inn ulike avgifter, utskrive vognkort)
  • Sakshandsaming etter Vegtrafikklova med tilhøyrande forskrifter
  • Rettleiing av kundar over telefon
For å lukkast i arbeidet som kunderettleiar er det viktig at du trivst med kundekontakt i skranke og på telefon. Handheving av lover og forskrifter kan avvike frå kundens ynskjer, men målet vårt er alltid å sikre ei positiv oppleving.Vår arbeidskvardag er hektisk og detaljrik, så det gjeld å halde hovudet kaldt. Du vil få god opplæring, før vi forventar at du arbeider sjølvstendig og effektivt med dine oppgåver, og at du samstundes bidreg til samarbeid og felles framgang for teamet.Kvalifikasjonskrav
  • 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet innan relevante fagområde
  • Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå serviceverksemd eller offentleg tenesteyting og interesse for juss, er ein fordel
  • Vi legg vekt på kommunikasjonsferdigheiter «ansikt til ansikt»
  • Vilje og kompetanse til å setje seg inn i nye system og verktøy som er ein del av kvardagen vår
  • Førarkort klasse B
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ein autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR.Personlege eigenskaparI samspel med kvalifikasjonar leiter vi og etter rette eigenskapar, haldningar og motivasjon. Til denne stillinga er vi på utkikk etter ein kollega som har desse eigenskapane:
  • Du er fleksibel, og har gode evner til å tilpasse deg ulike situasjonar og menneske
  • Du er serviceinnstilt og komfortabel med å kombinere tenesteyting og god kundehandsaming med myndigheitsrolla
  • Du har godt humør og gode samarbeidsevner og bidreg til å styrke dine kollegaer.
  • Du er nøyaktig, systematisk og effektiv
  • Du trivst med å ta initiativ, og blir motivert av resultat
  • Du er sjølvstendig og tek eigne avgjerder, og spør om hjelp viss du er usikker
Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.Vi tilbyr deg også desse goda:
  • fleksibel arbeidstid og moglegheiter for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.Positiv særbehandlingStatens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.Har du spørsmål om stillinga?Kontakt leiar Bente Sørlie tlf. 90 79 42 33Om Statens vegvesenStatens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

Statens vegvesen