
Seksjonsleiar
- Fosnavåg, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert seksjonsleiar til seksjon båre - ei av tre seksjonar i Bu- og habilitering, under sektor Helse og omsorg i Herøy kommune.
Seksjon båre består av to omsorgsbustadar og gir tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i kvardagen. Seksjonsleiaren vil ha personal-, fag- og økonomiansvar, og vere ein del av leiargruppa i Bu- og habilitering. Stillinga er ledig frå 01.12.2025NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.09.2025Arbeidsgivar:Herøy kommuneStad:FosnavågStillingstittel:SeksjonsleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5005737824Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- leie og vidareutvikle tenestene i tråd med lovverk, faglege føringar og kommunale mål
- sikre god kvalitet og brukarmedverknad i tenestene
- personalansvar for tilsette i seksjonen
- budsjett- rekneskap og ressursstyring
- turnusplanlegging
- bemanning
- bidra aktivt i leiargruppa og i tverrfagleg samarbeid og medansvar for det samla resultatet i bu og habiliteringsavdelinga
- autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, anna høgskule og/eller universitetsutdanning kan verte vurdert
- relevant leiarerfaring og/eller relevant erfaring innan fagleiing med gode resultat er ein fordel
- leiarutdanning er ein fordel, om du ikkje har leiarutdanning stiller vi krav til at du startar på utdanninga innan to år etter tilsetjing
- relevant erfaring og /eller interesse for omstillingsprosessar, endrings- og utviklingsarbeid
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god IKT-kompetanse
- må kunne bruke og ha kjennskap i digitale fagprogram og velferdsteknologi
- god økonomiforståing og interesse for tal og ressursstyring
- god kunnskap om kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova
- kunnskap/erfaring med sakshandsaming etter aktuelt lovverk
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
- har ein indre motivasjon for å vere leiar og ønskjer å gjere ein forskjell
- er tydeleg, trygg og handlekraftig, og ser verdien av godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod
- har evne til å skape tillit og vilje til å yte det som vert kravd i ei leiarrolle
- har gode samarbeids- og relasjonseigenskapar, og evne til å skape entusiasme og motivere medarbeidarar
- er med på å skape mål og visjonar for tenesta, og arbeider strukturert og målretta
- er inkluderande, strukturert, påliteleg, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- kan handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevjande ansvarsområde
- har eit brennande engasjement for fagleg utvikling og brukarorienterte tenester
- personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- ei sentralt plassert stilling i bu-og habilitering si leiargruppe
- ei spanande leiarstilling der du får medverke i utviklinga av framtida si helse og omsorgstenester
- gode kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- stipendordning ved revelant studie
- gode forsikrings-og pensjonsordningar
- IA-bedrift
- løn etter avtale