
Tannlege
- Øvre Årdal, Vestland
- Fast
- Fulltid
Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillingaVi tilbyrVi tilbyr løn etter avtale med ei minstelønn på 640 000 + rekrutteringstillegg kr 50 000,-. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på ei slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjortAdresse: Årdal dental clinic, Storevegen 21, 6884 Øvre Årdal, NorgeKontaktinformasjonMona Ålvikklinikkleiar (tannpleiar)Margareth Simonsen Råenområdeleiar tannhelseOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.