Sjukepleiar og vernepleiar til Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK)

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar.RAK tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. RAK satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. RAK har om lag 600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfrie behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.Vi har ledig følgande stillingar:For desse stillingane kan ein få vidare fast stilling i ein av RAK sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med den tilsette.
  • 100% vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar frå snarast og til 31.12.2026 med mogleg forlenging. 2-delt turnus og kvar 3. helg.
  • 100% sommarvikariat som sjukepleiar eller vernepleiar i vekene 26-33, 3-delt turnus og kvar 3. helg. Stillinga inneber opptart i sommarturnus ved Seksjon Tertnes i vekene 26-33.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Stillinga inneber opptart i sommarturnus ved TSB-poliklinikk i Bergen og Bjørgvin fengsel i vekene 26-31. Frå hausten kan ein få vidare fast stillinga ved avdelinga eller i ein av RAK sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med den tilsette.- Dagarbeid i vekedagar. I sommarperioden kan det i tillegg bli aktuelt med kvar 2. eller 3. helg.ArbeidsoppgåverSeksjon Tertnes Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner, der vi jobbar ut frå ein modell kor rammer, struktur og eit støttande miljø stimulerer indre modningsprosessar, som gjer den enkelte i stand til å realisere sitt potensial. Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.
Kontakt: Seksjonsleiar Trude Larsen, Tlf. 98800425AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eit tilbod til personar med avhengigheit til opioider, som heroin. Målet er å gi trygg behandling og støtte til eit betre og meir stabilt liv. Ein får medisinar som dempar abstinens og rusbehov, vanlegvis buprenorfin eller metadon. Medisinen blir henta på poliklinikk eller apotek. Nokre får utdeling hos fastlege eller heimesjukepleie. Arbeidstid i LAR er dagarbeid og kvar 4. eller 8. laurdag
Kontakt: Avdelingssjef Gry Irmelin Dale, Tlf. 92023184TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel har dagarbeid i vekedagar. I sommarperioden kan det i tillegg bli aktuelt med kvar 2. eller 3. helg (laurdag/søndag).
Poliklinikk i Bergen og Bjørgvin fengsel er eit behandlingstilbod under Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Tilbodet er laga i samarbeid med kriminalomsorga, og gir innsette i dei to fengsla tilgang til rusbehandling på same måte som andre i samfunnet. Dette er eit behandlingstilbod for personar som har, eller står i fare for å utvikle, eit problematisk forhold til rusmiddel, ofte i kombinasjon med psykiske utfordringar.Vi jobbar tett saman i team med rusbehandlingsteamet i kriminalomsorga og andre samarbeidspartnarar i fengselet under soning.
Kontakt: Seksjonsleiar Natalia Berge, Tlf. 93005828Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar
  • Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
  • Poliklinisk oppfølging
  • Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
  • Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
  • Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller du vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning (juni-26)
  • Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • For LAR poliklinikk må ein ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Engasjement og interesse for fagfeltet og pasientgruppa
  • Evne til å etablere og stå i utfordrande relasjonar over tid
  • Evne til tydeleg og forutsigbar kommunikasjon
  • Evne til å arbeide målretta, strukturert og toler å stå i krevande situasjonar
  • Evne å samhandle godt med andre
  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne
  • Er fleksibel, løysingsorientert og kan jobba sjølvstendig innanfor rammene
  • Opptre profesjonelt i møte med og held seg til Helse Bergen sine etiske retningslinjer i møte med pasientar, kollegagruppe og samarbeidspartar
Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og regelemssig internundervisning
  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
  • Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret,Arbeidsstad Tertnesveien 35
5113 TertnesNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5103996900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026Kontaktperson for stillingenKarina Vorland LøvstadSeksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, BemanningssenteretKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Vernepleier/ sykepleier

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Sandslimarka 249B ligger under Enhet for privatinitierte bogrupper og hjemmeteam, og er en byomfattende enhet med ca. 250 årsverk fordelt på 25 tjenestesteder. Enhe…
    • 9 timer siden
  • Vernepleier/ sykepleier

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgaver Legemiddelhåndtering og oppfølging av interne rutiner og retningslinjer Målrettet miljøterapeutisk arbeid i tjenesten til den enkelte beboer Primærkontaktarbei…
    • 9 timer siden