Fagarbeidar 1

HELSE FORDE HF FORDE SENTRALSJUKEHUS

  • Førde, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Reinhalds- og tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer etter fagarbeidar 1 i 100% stilling.Avdelinga har 35 årsverk og har ansvar for å levere reinhalds- og tekstiltenester til ulike avdelingar ved Førde sentralsjukehus.Stillinga som fagarbeidar 1 er for tida knytt til reinhaldstenester i operasjonsavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Arbeidstida vil variere i ulike vaktskift i tidsrommet
kl. 07.00 -21.30 på kvardagar, samt arbeid kvar femte laurdag og søndag frå kl. 08.30-15.30. Det må påreknast arbeid på helg og høgtidsdagar i løpet av året.I tillegg til praktisk utøving av reinhaldsfaget, inneber stillinga funksjonar som organisator, ansvar for opplæring og å vere bindeledd mellom reinhaldsavdelinga og operasjonsavdelinga.Vi ønskjer at søkjar opplyser om mogleg oppstartstidspunkt i søknaden.ArbeidsoppgåverDine arbeidsoppgåver vil være:
  • Utføring av dagleg og periodisk reinhaldsarbeid i operasjonsavdelinga
  • Reinhald av anestesiutstyr
  • Diverse påfyll av tøy og forbruksvarer
  • Organisering av praktisk reinhaldsarbeid i operasjonsavdelinga
  • Følge opp graden av utførelse av dagleg og periodisk reinhaldsarbeid i elektroniske planleggingssystem
  • Opplæring av nytilsette og vikarar
  • Være eit bindeledd mellom reinhaldsavdelinga og anna personell i operasjonsavdelinga
  • Samarbeid med fagutviklar om reinhaldsplanleggingsprogram, reinhaldskvalitet og utarbeiding av opplæringsplanar
  • Det blir gjennomført jamnleg fagleg oppdatering
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Kjenne til kvalitetsstandard Insta 800 og NS6600
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
  • Må kunne bruke enkelt dataverktøy i dagleg arbeid
  • Erfaring frå dagleg og periodisk reinhald
  • Må ha kjennskap til opplæring, fordeling og organisering av daglege og periodiske arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
  • Er målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjort
  • Har god gjennomføringsevne og trivast med ansvar
  • Kommuniserer tydeleg og godt, både munnleg og skriftleg
  • Har engasjement for reinhaldsfaget og leveranse av reinhaldskvalitet
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Trivast med eit raskt omskifteleg arbeidsmiljø
  • Bidra til bygging av eit trygt og positivt arbeidsmiljø for alle tilsette i avdelinga
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Relevant opplæring for stillinga vil bli gitt
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Elin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378Arbeidssted Førde sentralsjukehus
6812 FØRDENøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4998211849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025Kontaktperson for stillingenElin HøylandHusøkonom(+47) 578 39 378Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.SektorOffentligNettsted

HELSE FORDE HF FORDE SENTRALSJUKEHUS