Helsefagarbeidar - med muligheit for langvakter

Stranda kommune Se alle jobber

  • Stranda, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Helsefagarbeidar - med muligheit for langvakter Geiranger distrikt, Stranda kommuneOm stillingaGeiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.Geiranger omsorgssenter har ledig:
  • 100% fast stilling frå 01.06.2026 med muligheit for langvakter
Kvifor velge oss:
  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • God fastløn
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige, heilt eller delvis, for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:29.04.2026Arbeidsgivar:Stranda kommuneStad:GeirangerStillingstittel:Helsefagarbeidar med muligheit for langvakterStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5113248423Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon
  • Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
  • Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Autorisasjon som helsefagarbeiar
  • Alminnelege datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.Personlege eigenskapar
  • Trygg og Omsorgsfull
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Positiv og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Likar utfordringar
  • Interesse for faget
Vi tilbyrI stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.Adresse: Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, Norge

Stranda kommune

Lignende stillinger

  • Helsefagarbeidar 70,42 % stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Helsefagarbeidar 70,42 % stilling Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune Om stillinga Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for de…
    • 6 dager siden
  • Helsefagarbeidar 70,42 % stilling

    SYKKYLVEN KOMMUNE AVLASTNINGSBUSTAD

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg! Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 70,42 % fast stilling som p.t nattevakt. Det kan…
    • 6 dager siden
  • Helsefagarbeidar 70,42 % stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Om stillinga Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg! Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 70,42 % fast stilling som p.t nat…
    • 6 dager siden