Pleie og omsorg søker

AUKRA OMSORGSSENTER

  • Aukra, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Vi ønsker nye medarbeidarar til Aukra! Likar du nattarbeid, og er komfortabel med fagleg ansvar, kan dette vere jobben for deg. Du vil ha base på Aukra Omsorgssenter, og arbeide i team på nattVi kan tilby fleksible turnusordningar der du sjølv er med på å utforme eiga turnuslinje ilag med dine næraste medarbeidarar og avdelingsleiar.Om AukraAukra kommune har ca 3760 innbyggarar fordelt mellom øya Gossen og fastlandet Julsundet. Kommunen ligg i havgapet, og det er ca 25 minutt til næraste by, Molde. Kulturlivet i regionen er variert, og det er moglegheit for variert friluftsliv. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar, omsorgssenter og kulturhus med svømmebasseng, bibliotek, kafè og kino. Andre fritidstilbod er til dømes treningssenter, motorsportsklubb, kulturskuletilbod, idrettslag, og naturstiar med meir. Om stillingaSom sjukepleiar på natt vil du ha fagleg ansvar for pasientar på sjukeheim, heildøgns omsorgsbustader og innbyggarar som får teneste frå heimesjukepleie. I tillegg har du det faglege ansvaret for legevaktsatelitt (videolegevakt), der du samarbeider med legevakt i Molde. Du arbeider i et mindre team på 4 tilsette. Kommunen kjøper teneste på natt til oppfølging av innbyggarar på fastlandet Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar. Det er ein fordel med vidareutdanning/erfaring frå klinisk arbeid. Begge stillingane er ledig frå snarast. Det kan vurderast å tilsette helsefagarbeidar i ei av stillingane.Andre kvalifikasjonar
  • Minimum bachelorutdanning med autorisasjon. Helsefagarbeidar kan bli vurdert tilsett i ei av stillingane
  • Digital kompetanse
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Du har interesse for velferdsteknologi i omsorgsarbeid
  • Førarkort klasse B
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette
  • Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene
  • Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utfordrande kliniske arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Startlønn med minimum 8 års ansiennitet etter HTA
  • Stabilitetstillegg (bonusordning)
  • Ekstra nattillegg
  • Tilbod om kompetanseheving og fagleg utvikling
  • Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunens sitt utdanningsfond/kompetanseplan
  • Ny og funksjonelle arbeidslokalar
  • Ei eining med fokus på innovative løysingar og bruk av velferdsteknologi
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltredingPrøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader SøkarlisteDu kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenNina Tomren (einingsleiar)+47 90602621 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenAukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.SektorOffentlig

AUKRA OMSORGSSENTER