Støttekontakt

Volda kommune Se alle jobber

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Arbeidsoppgåver
  • Bidra til deltaking i sosialt liv og fritidsaktivitet, til gode opplevingar og meistring.
  • Lage tydlege møteavtalar og samarbeide med pårørande dersom behov.
  • Være ein positiv støttande samtalepartnar.
  • Registrere timeliste kvar månad.
Kvalifikasjonar
  • Politiattest må leverast før oppstart som støttekontakt.
  • Vi søkjer fortrinnsvis personar som er over 18år.
  • Du må kunne binde deg for minst eit år.
  • Beherske IT-verktøy godt nok til å kunne registrere timelister og krevje utgiftsdekning digitalt. Opplæring blir gitt.
Personlege eigenskapar
  • Du er omsorgsfull og tolmodig
  • Du er sjølvstendig, pliktoppfyllande, fleksibel og ansvarsfull
  • Du har god kommunikasjonsevne og sosial kompetanse
Vi tilbyr
  • Eit meiningsfullt oppdrag kor du gjer ein forskjell i nokon sitt liv.
  • Fleksibel arbeidstid tilpassa både deg og tenestemottakar.
  • Rettleiing og oppfølging av kommunen ved behov.
  • Oppdraget vert godtgjort med timelønn.
Vi ber deg om å oppgi kontaktopplysningar, språk, om du har førarkort, om du har tilgang på bil, fortelje om din bakgrunn og interesser, og kvifor du søkjer. Søknaden vert liggande i webcruiter i ca. eit år.Adresse: Stormyra 2, 6100 VOLDA, NorgeKontaktinformasjonMalene Vatnehol BjørnsgårdBarnekoordinatorE-post: malene.christine.vatnehol.bjornsgard@volda.kommune.noRagnhild Aarflot KallandSeksjonsleiar forvaltningskontoretE-post: ragnhild.aarflot.kalland@volda.kommune.noOm arbeidsgivarenVolda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.Ta gjerne ein tur innom for å bli betre kjent med oss!

Volda kommune

Lignende stillinger

  • Støttekontakt

    Volda kommune, Oppdragstakarar i helse og omsorg

    • Volda, Møre og Romsdal
    Om stillinga Volda kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle personar til oppdragsbasert arbeid som støttekontakt. Støttekontakttenesta er for personar som treng bistand til å …
    • 2 måneder siden