Undervisningsstillingar, fellesfag

More og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Om stillingaVi treng fleire lærarar i fellesfaga ved Borgund vidaregåande skule!Inntil 300% fast stilling, og inntil 300% vikariat frå skulestart.-Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
-Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
-Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?Då er du kanskje rett lærar for oss!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2026Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:ÅLESUNDStillingstittel:Undervisningsstillingar, fellesfagStillingar:6Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:Fast, VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104351350Sosial deling :Som faglærar i fellesfag skal du:
-Planlegge og gjennomføre undervisninga i fag i tråd med gjeldande læreplanar.
-Vere tett på elevane, legge til rette for meistring og gje dei faglege tilbakemeldingar dei kan lære av.
-Samarbeide tett med dei ulike fagmiljøa på skulen, og syte for god dialog med både elevane og kollegaene dine.Vi er på leit etter deg som har undervisningskompetanse i fleire av dei fellesfaga som det vert undervist i på skulen.(Norsk, kroppsøving, samfunnskunnskap, matematikk, naturfag og engelsk)Vi ønsker deg som:
Har gode samarbeidsevner og likar å lære i lag med andre.
Trivst saman med ungdom.
Er tålmodig og vennleg.
Er fleksibel og løysingsorientert.
Har generell god IKT kompetanse.
Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.Adresse: Yrkesskolevegen 20, 6011 ÅLESUND, NorgeKontaktinformasjonRoger FyllingrektorOm arbeidsgivarenBorgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune.Skolen har til saman nesten 1000 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit ressurssenter, Nordre Sunnmøre (RNS) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.

More og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs