Er du fagarbeidar med sans for logistikk og kvalitet?
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
- Haugesund, Rogaland
- Fast
- Fulltid
Vår forsyningseining ser etter 1 fagleg engasjert og serviceinnstilt kollega til teamet vårt - kanskje er dette deg?Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av å ha til ei kvar tid.
Me tek varemottak, følgjer opp ordrar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie. Me har nyleg starta med eit spennande og viktig prosjekt som omfattar dei fleste avdelingane på sjukehuset, og vår rolle er blitt både meir synleg og viktigare enn tidlegare.
Me følgjer vareflyten tett på, og får brukt kompetansen vår på best mogleg vis.Arbeidsdagen vår er kun på dagtid (måndag til fredag), og me ladar batteria på ettermiddagane og i helgene. Me er innom fleire avdelingar på sjukehuset dagleg, og det er ein føresetnad at du er aktiv og likar å ta i eit tak. Du får ein god (og betalt) trim kvar dag ved å jobbe hos oss!For å passe i rolla er det viktig at du er engasjert, har digital forståing og er lærevillig. Me utfører ulike arbeidsoppgaver og er ein driftig og endringsvillig gjeng. Det passar oss ypperleg om du også brenn for orden, system og forbetring! Me høyrer gjerne på di meining og er inkluderande.
Samanhengen mellom pasientbehandlinga og vårt arbeid, er viktig at du har forståing for.Kva går jobben ut på?Arbeidsoppgåvene er blant anna:
- Varemottak og registrering av vareleveransar til både sentrallageret og til avdelingar.
- Skanning, planlegging og plukk av varer til avdelingar.
- Få opplæring og kunnskap innan lagerbygging.
- Kunnskap om vareflyt og forsyningskjede.
- Sørge for orden og vedlikehald på våre eigne lagerområde samt lager på avdelingane.
- Vere deltakande i og aktiv i forbetringar.
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
- Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane på sjukehuset.
- Vareleveranser til eksterne lokasjonar tilknytte Haugesund sjukehus.
- Me ønskjer primært kandidatar med fagbrev innan logistikk.
- Søkjarar med fagbrev i servicefag eller helsefag kan vurderast.
- Erfaring med logistiske dataverktøy, ønskjeleg med kjennskap til SAP.
- Førarkort kl. B. Manuelt gir, helst.
- Gode norskkunnskapar muntlig og skriftlig. Gjerne kunne kommunisere på engelsk.
- God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Kan vere både frå privat og offentleg sektor.
- er engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst, og møter arbeidsdagen med ein «ja-mentalitet».
- er ein positiv og serviceinnstilt kollega med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- opptrer lojalt og er til stades for kollegaer og leiarar.
- jobbar strukturert, tek initiativ og er lærevillig, med gode haldningar til endringsarbeid og utvikling.
- er i god fysisk form og eigna til praktisk arbeid.
- har låg terskel for å spørre om bistand og spør fordi du ynskjer å lera.
- Eit unikt kollegateam med dyktige kollegaer.
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen.
- Inkluderande miljø der ein ønskjer å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag.
- Blir ein del av ei samfunnskritisk verksemd og ein jobb med meining!
Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, +47 40613860Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5108785231
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026Kontaktpersoner for stillingenNatalia SotoAvdelingsleiar Forsyning og Logistikk+47 40613860Kopier telefonnummerLucas CampomarFunksjonsleiar Forsyning99201902Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentlig