Traineeprogrammet i staten: Overingeniør i kjemiOm stillingaUniversitetet i Stavanger har ledig 16 % midlertidig trainee-stilling som overingeniør i kjemi ved laboratoriet knytt til Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi.Trainee blir tilsett for ein periode på to år med moglegheit for forlenging i inntil eitt år og fast tilsetjing. Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og er reservert for deg som er arbeidssøkjar og i tillegg har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Du må òg ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Sjå meir informasjon om traineeprogrammet i staten .Den som vert tilsett vil bidra med god og relevant rettleiing i laboratoriet både for studentar og tilsette, særleg innan HMS/stoffkartotek. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Vi ønskjer ein nysgjerrig person som er oppdatert innan fagområdet og som ønskjer vidareutvikling både for seg sjølv og for laboratoriet si verksemd.Hovudoppgåver
rettleiing på laboratoriet av studentar, stipendiatar og andre tilsette
drift og vedlikehald av laboratorium og laboratorieutstyr
ivareta helse, miljø, tryggleik og kvalitet (HMS-K)
KvalifikasjonarDu må ha:
høgare utdanning på minimum bachelor-nivå i kjemi
relevant erfaring
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
erfaring og god kompetanse innan kjemikaliehandtering.
Vidare blir det lagt vekt på at du:
er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er sjølvstendig, effektiv og strukturert
er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyri regi av DFØ * moglegheit til å skaffe deg nyttig kompetanse som kan vere relevant for jobbkarrieren din
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling.
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1087, kr 96 000 - 112 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemskap i
som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar på våre nettsiderTrainee-programmetUniversitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre sine ulikskapar og bakgrunn. Universell utforming skal prege både dei fysiske og dei digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.Stillingane i traineeprogrammet i staten er retta mot deg som har nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, samt høgare utdanning. Med søkjar med nedsett funksjonsevne meiner vi ein søkjar som oppgjer å ha ei reduksjon i funksjonsevna og som krev tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Konkret er føresetnaden at den nedsette funksjonsevna ikkje er forbigåande og/eller bagatellmessige forhold som ikkje påverkar funksjonen i nemneverdig grad.For å bli rekna inn under definisjonen hol i CV-en må du ha vore ute av arbeidslivet til saman to av dei siste fem åra. Frivillige opphald blir ikkje rekna som hol i CV-en. Opphaldet må anten skuldast sjukdom, rus eller soning, eller at ein har vore aktiv arbeidssøkjar utan å få jobb. Personar med innvandrarbakgrunn er ikkje i målgruppa for traineeprogrammet med mindre dei anten har nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en.Som tilsett gjennom traineeprogrammet får du først og fremst verdifull arbeidserfaring og førstehandskunnskap om statleg forvaltning.SøknadSøk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf . Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.UiS - vi vil utfordre det velkjente og utforske det ukjenteUniversitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.