Ferievikarar 2026

Sykkylven kommune Se alle jobber

  • Sykkylven, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaHar du lyst på verdifull erfaring og eit godt utgangspunkt for di vidare karriere? Då kan ein sommerjobb innan helse - og omsorgssektoren vere riktig for deg!Gjennom ein sommarjobb hos oss får du god innsikt i om yrket passar for deg. Samtidig som du gjer ein viktig jobb for pasientane, og ikkje minst at du bidreg til å oppretthalde alle einingane innan helsesektor gjennom heile sommaren. Vi har behov for kandidatar frå mai til og med august!Vi ber om at du opplyser om følgjande i søknaden:
  • Kva avdeling du ønsker å jobbe i. Søkjer du på fleire tenesteområde, ber vi deg om å sette opp ei prioriteringsliste
  • Det er veldig viktig at du opplyser om kva for tidsrom du kan arbeide i
Einingar:Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS):
  • Sone 1
  • Sone 2
  • Institusjon
  • Korttid/rehab
  • Natt
  • Måltid og ernæring (Kjøkken)
  • Heimehjelp (vask av leilegheiter)
  • Vaskeri (vask av pasientane sitt tøy)
Helsehus
  • Heimebasert omsorg
  • Heimebasert omsorg natt
  • Heimehjelp
Bu- og rehabiliteringstenestene:
  • Ura
  • Klokkerhaugen
  • Barne - og avlastingsbustad
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:06.04.2026Arbeidsgivar:Sykkylven kommuneStad:SykkylvenStillingstittel:Ferievikarar 2026Webcruiter-ID:5091376746Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Spanande og meiningsfylt arbeid innan helse - og omsorgssektoren med turnusarbeid dag/kveld/helg
  • Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
  • Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane
Kvalifikasjonar
  • Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til sommervikar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ønskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje. Dei som har motteke stipend frå kommunen vil bli prioriterte.
  • Søkjarar som skal arbeide innan pleie, må vere fylt 18 år.
  • Vikarar i heimetenestene må ha førarkort. Det er også ein fordel å ha førarkort om du ønskjer å arbeide i bu- og rehabiliteringstenesta.
  • For tilsette innanfor helse - og omsorgssektoren må det leggast fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar og assistentar.Vi tilbyr
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Kjekke kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter kvalifikasjonar
Adresse: Haugneset 16, 6230 Sykkylven, NorgeKontaktinformasjonLillian Klock Urtegårdavdelingsleiar BUAS sone 1E-post: lillian.urtegard@sykkylven.kommune.noAstrid Hammernes Strømmeavdelingsleiar BUAS sone 2E-post: astrid.stromme@sykkylven.kommune.noJanne Midtlidavdelingsleiar BUAS institusjonE-post: janne.midtlid@sykkylven.kommune.noKristine Bjørnestadavdelingsleiar BUAS korttid/rehabE-post: kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.noEli Hustad Digernesavdelingsleiar BUAS kjøkkenE-post: eli.hustad.digernes@sykkylven.kommune.noNina Hovdenakkavdelingsleiar BUAS nattE-post: nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.noAnne Britt Kursethavdelingsleiar heimebasert omsorgE-post: anne.kurseth@sykkylven.kommune.noLinda Søvikavdelingsleiar heimebasert omsorg nattE-post: linda.sovik@sykkylven.kommune.noRandi Lindvik Kvamavdelingsleiar KlokkerhaugenE-post: randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.noTrine Garsholavdelingsleiar UraE-post: trine.garshol@sykkylven.kommune.noVanessa Lysholavdelingsleiar barne - og avlastingsbustadE-post: vanessa.lyshol@sykkylven.kommune.noOm arbeidsgivarenSykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven

Sykkylven kommune